Bergsøya i Gjemnes
Utsjånad
Bergsøya | |
---|---|
Bergsøya sett frå Reinsfjellet. I bakgrunnen frå venstre, Averøy og Frei. | |
Geografi | |
Stad | Nordmøre |
Koordinatar | 62°58′55″N 07°49′29″E / 62.98194°N 7.82472°E
|
Areal | ca. 9 km²
|
Høgaste punkt | Varden (278 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Møre og Romsdal
|
Demografi | |
Folketal | 168[a] (2024) |
Folketettleik | ca. 20 /km² |
Bergsøya er ei øy lengst nordaust i Gjemnes kommune på Nordmøre. Øya ligg ytst i Sunndalsfjorden.
Bergsøya hadde tidlegare berre ferjesamband til fastlandet nokre gonger kvar dag. Etter at Kristiansund sitt fastlandssamband, Krifast, opna i 1992 har Bergsøya vorte regionen sitt trafikale knutepunkt. Bomstasjonen for Krifast er plassert på Bergsøya.
Frå Bergsøya går
- Freifjordtunnelen i retning Kristiansund.
- Gjemnessundbrua er ei hengebru som går i retning Molde og Ålesund.
- Bergsøysundbrua er ei flytebru frå Bergsøya til Aspøya og Tingvoll-halvøya.
Gjemnessudbrua og Freifjordstunnelen er del av E39, kyststamvegen frå Kristiansand til Trondheim. Bergsøysundbrua er del av Riksveg 70 som går frå Kristiansund til Oppdal.
Folketalsutvikling (medrekna Måløya)
1801[1] | 1900[2] | 2000[3] | 2024[3] |
---|---|---|---|
162 | 213 | 128 | 168 |
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Folketeljing 1801 for Tingvoll prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Gjemnes herred, frå Digitalarkivet
- ↑ 3,0 3,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå
Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.