Bern-Alpane
| ||||||||||||||||||||||||||||||
Bern-Alpane omfattar fleire fjellkjeder i dei vestlege delane av Alpane, i Sveits. Sjølv om ein større del av fjella ligg i Berner Oberland-regionen av kantonen Bern, ligg delar av Bern-Alpane i dei tilstøytande kantonane Valais, Luzern, Obwalden, Fribourg og Vaud. Dei siste går ofte under nemningane Fribourg-Alpane og Vaud-Alpane, høvesvis.
Rhône-dalen skil Bern-Alpane frå Chablais-massivet i vest, og frå Wallis-Alpane i sør. Den øvre delen av Rhône-dalen skil dei frå Lepontin-Alpane i søraust, medan Grimselpasset og Aar-dalen skil dei frå Uri-Alpane i aust. Nordgrensa for Bern-Alpane er mindre klar, men kan seiast å liggje på ei line mellom Genfersjøen og Vierwaldstättersjøen.
Bern-Alpane er nedbørsfelt til elva Aar og bielva Saane i nord, og til elvane Rhône i sør og Reuss i aust.
Morfologi
[endre | endre wikiteksten]Ryggrada i Bern-Alpane er ei 100 km lang fjellkjede som strekker seg frå vest (Dent de Morcles) til aust (Sidelhorn) langs grensa mellom kantonane Bern (nord) og Valais (sør). Bortsett frå den aller vestlegaste delen, er denne grensa vasskilje mellom Nordsjøen og Middelhavet. Denne ryggrada ligg ikkje midt i fjellkjeda, men ligg nær (10-15 km) Rhône-elva i sør. Av den grunn er det stor skilnad mellom landskapa på sørsida og nordsida. På sørsida fell sidedalane bratt ned mot Rhône-dalen, i nord vert fjella gradvis lågare til dei går over i åslandskapet på det sveitsiske platået eller i innsjøane Thunsjøen og Brienzsjøen i aust.
Vest for Gemmipasset består fjellkjeda i hovudsak av nokre få og høge toppar (så som Wildhorn), litt over 3000 moh, ofte dekt av isbrear. Fjellkjeda vider seg mykje ut i dei austlege delane, med fjelltindar på over 4000 meter. Dette er elles den delen av Alpane som har flest brear, store og små.
Jungfrau-Aletsch-Bietschhorn
[endre | endre wikiteksten]Jungfrau-Aletsch-Bietschhorn-området ligg i dei austlege delane av Bern-Alpane, i den mest bredekte delen av Alpane. Aletschgletscher, dei to fjelltoppane Jungfrau og Bietschhorn er særlege attraksjonar å skode. Området vart i 2001 teke med på verdsarvlista til UNESCO. I 2007 vart området utvida og fekk namnet Schweizer Alpen Jungfrau-Aletsch. Etter utvidinga er fleire store brearmar, som Fieschergletscher og Aargletscher, omfatta av UNESCO-lista.
Fjelltoppar
[endre | endre wikiteksten]Dei høgste toppane i Bern-Alpane:
Namn | Høgd (moh) |
---|---|
Finsteraarhorn | 4 274 |
Aletschhorn | 4 192 |
Jungfrau | 4 158 |
Mönch | 4 107 |
Schreckhorn | 4 078 |
Gross Fiescherhorn | 4 049 |
Grünhorn | 4 043 |
Lauteraarhorn | 4 042 |
Hinter Fiescherhorn | 4 025 |
Gletscherhorn | 3 983 |
Rottalhorn | 3 972 |
Eiger | 3 970 |
Äbeni Flue | 3 962 |
Agassizhorn | 3 946 |
Bietschhorn | 3 934 |
Trugberg | 3 933 |
Klein Grünhorn | 3 913 |
Gross Wannenhorn | 3 906 |
Klein Fiescherhorn | 3 895 |
Mittaghorn | 3 892 |
Fiescher Gabelhorn | 3 876 |
Nesthorn | 3 822 |
Dreieckhorn | 3 811 |
Schinhorn | 3 797 |
Breithorn ved Lötschental | 3 785 |
Breithorn (Lauterbrunnen) | 3 779 |
Grosshorn | 3 754 |
Sattelhorn | 3 745 |
Mittelhorn | 3 704 |
Balmhorn | 3 698 |
Silberhorn | 3 695 |
Wetterhorn | 3 692 |
Rosenhorn | 3 689 |
Blüemlisalp | 3 664 |
Bärglistock | 3 656 |
Doldenhorn | 3 643 |
Altels | 3 629 |
Tschingelhorn | 3 562 |
Gspaltenhorn | 3 436 |
Fründenhorn | 3 369 |
Ewigschneehorn | 3 329 |
Hienderstock | 3 307 |
Ritzlihorn | 3 282 |
Wildhorn | 3 248 |
Wildstrubel | 3 243 |
Les Diablerets | 3 210 |
Wellhorn | 3 191 |
Mättenberg | 3 104 |
Löffelhorn | 3 095 |
Grand Muveran | 3 051 |
Sparrhorn | 3 021 |
Isbrear
[endre | endre wikiteksten]Dei største isbreane:
- Aletschbreen
- Fiescherbreen
- Unteraarbreen
- Nedre Grindelwaldbreen
- Oberaletschbreen
- Mittelaletschbreen
- Gaulibreen
- Langbreen
- Øvre Grindelwaldbreen
- Kanderbreen
- Tschingelbreen
- Rosenlauibreen
- Plaine Morte
- Wildstrubelbreen
- Tsanfleuronbreen
- Diableretsbreen
Fjellovergangar
[endre | endre wikiteksten]Dei viktigaste fjellovergangane i Bern-Alpane er:
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bernese Alps» frå Wikipedia på engelsk, den 5. oktober 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Bern-Alpane Arkivert 2007-08-02 ved Wayback Machine. på NASA Earth Observatory