Bjørn Arild Gram
Bjørn Arild Gram | |||
| |||
Fødd | 7. mai 1972 (52 år) Steinkjer kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Senterpartiet | ||
Yrke | politikar, bonde, forretningsdrivande | ||
Utdanna ved | Universitetet i Nordland | ||
Alle verv |
|
Bjørn Arild Gram (fødd 7. mai 1972) er ein norsk politikar for Senterpartiet frå Steinkjer. Han har vore forsvarsminister i Støre-regjeringa sidan 12. april 2022.[1] Før det var han kommunal- og distriktsminister frå 2021 til 2022 i same regjering. Gram var ordførar i Steinkjer kommune frå 2007 til 2020 og arbeidande styreleiar i arbeidsgjevar- og interesseorganisasjonen til kommunane KS frå 2020 til 2021.[2][3][4]
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Gram vaks opp på garden Øvre Skjefte i Steinkjer som son av Harald Gram og Else-Marie Grove, av trønderslekta Gram på farssida.
Etter at han fullførte vidaregåandeutdanninga si ved Steinkjer vidaregåande skule, gjekk han til rekruttskule på Steinkjersannan og tenestegjorde som grensevakt ved Garnisonen i Sør-Varanger. Han er utdanna siviløkonom frå Handelshøgskolen i Bodø. I tillegg har han studert økonomi, leiing og administrasjon ved Høgskolen i Nord-Trøndelag og dessutan historie ved NTNU.[5]
Gram har tidlegare arbeidd som avdelingsleiar for kontroll og analyse i Telenor Mobil si kredittavdeling på Rørvik frå 2000 til 2005.[5] Før Gram kom inn på Stortinget var han gardbrukar på Øvre Skjefte i Steinkjer, der han har dreiv korndyrking, skogdrift og økologisk frilandgris.[6]
Politisk karriere
[endre | endre wikiteksten]Gram vart vald inn i Steinkjer kommunestyre for fyrste gong i 1992, og seinare inn i fylkestinget i Nord-Trøndelag i 1995. Mellom 1996 til 1998 var han leiar i Senterungdommen.[5]
Frå 2003 til 2005 var Gram leiar i Senterpartiet si fylkestingsgruppe i Nord-Trøndelag, og statssekretær i Finansdepartementet under Stoltenberg II regjeringa frå 2005 til 2007.[5] I 2007 vart han vald til ordførar i Steinkjer kommune. Han har òg vore vararepresentant til Stortinget i fleire periodar.[7]
Mellom 2004 til 2007 og frå 2010 til 2012 var han leiar i Nord-Trøndelag Senterparti
Gram var nestleiar i arbeidsgjevar- og interesseorganisasjonen til kommunane KS frå 2012 til 2020, og frå 2020 til 2021 var han styreleiar. Han vart friteke frå ordførarvervet sitt etter at han vart KS-leiar.[3]
Den 14. oktober 2021 vart han utnemnd til kommunal- og distriktsminister i Støre-regjeringa. Frå 12. april 2022 vart han forsvarsminister i same regjering etter at Odd Roger Enoksen trakk seg som forsvarsminister.[8] Sigbjørn Gjelsvik vart ny kommunal- og distriktsminister.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram» (på norsk). 14. oktober 2021. Henta 7. mars 2022.
- ↑ «Landstinget 2020» (på norsk). Henta 19. august 2021.
- ↑ 3,0 3,1 «Bjørn Arild Gram (Sp) blir ny KS-leder». 8. februar 2020. Henta 13. februar 2020.
- ↑ «Styreleder Gunn Marit Helgesen» (på norsk). 14. oktober 2021. Henta 4. november 2021.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 «Tidligere statssekretær i FIN Bjørn Arild Gram». Finansdepartementet. 17. oktober 2006.
- ↑ Bratberg, Trine Binde (22. oktober 2021). «Nå blir det slutt på Gram Gris». Henta 23. oktober 2021. (krev abonnement)
- ↑ «Bjørn Arild Gram». Stortinget.no.
- ↑ «Bjørn Arild Gram ny forsvarsminister: – Jeg kjenner på ansvaret. Det er alvor nå.», e24.no (på norsk bokmål), henta 22. november 2022
- Denne artikkelen bygger på «Bjørn Arild Gram» frå Wikipedia på bokmål, den 22. november 2022.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Einskildmenn
- Fødde i 1972
- Folk frå Steinkjer
- Vararepresentantar til Stortinget
- Norske siviløkonomar
- Statssekretærar i Regjeringa Stoltenberg II
- Statssekretærar frå Sp
- Sp-ordførarar i Nord-Trøndelag
- Sp-ordførarar i Trøndelag
- Ordførarar i Steinkjer
- Senterpartistatsrådar
- Statsrådar i Regjeringa Støre
- Norske kommunalministrar
- Norske forsvarsministrar