Bjørnafjorden kommune
Bjørnafjorden kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Adm.senter | Osøyro | ||
Areal | 517,41 km² | ||
• land | 487,58 km² | ||
• vatn | 29,83 km² | ||
Folketal | 26 080 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Terje Søviknes (Frp) | ||
Kommunenr. | 4624 | ||
Bjørnafjorden kommune 60°12′N 5°42′E / 60.2°N 5.7°E | |||
Kart som viser Bjørnafjorden kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Bjørnafjorden (municipality) | |||
Nettstad: bjornafjorden.kommune.no |
Bjørnafjorden kommune er ein kommune i Vestland fylke som vart skipa den 1. januar 2020, då dei tidlegare kommunane Os og Fusa slo seg saman.[1] Bjørnafjorden grensar til Bergen og Samnanger i nord, Kvam i aust, Kvinnherad og Tysnes i sør og Austevoll i vest.
Personar som kjem frå Bjørnafjorden kommune, blir kalla for bjørnafjordingar.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Kommunen ligg nord for hovudarmen av Bjørnafjorden. Fusafjorden, som etter kvart deler seg i Eikelandsfjorden, Ådlandsfjorden og Samnangerfjorden, deler kommunen i ein austleg og ein vestleg del.
Bjørnafjorden kommune har ei kystline på 355,3 km.[2]
Det høgste fjellet i kommunen er Tveitakvitingen på grensa til Samnanger og Kvam, som strekkjer seg 1299 meter over havet.[3] Skogseidvatnet aust i kommunen er den største innsjøen i areal.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Forskrift om sammenslåing av Fusa kommune og Os kommune til Bjørnafjorden kommune, Hordaland. Henta den 6.1.2020.
- ↑ «Tal og fakta om Bjørnafjorden kommune», bjornafjorden.kommune.no, arkivert frå originalen 2. februar 2020, henta 10. januar 2020
- ↑ «Tal og fakta om Bjørnafjorden kommune», bjornafjorden.kommune.no, arkivert frå originalen 2. februar 2020, henta 6. januar 2020
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.