Bob Bogle
Bob Bogle | |||
Fødd | 16. januar 1934 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Wagoner i Oklahoma | ||
Død | 14. juni 2009 (75 år) | ||
Dødsstad | Vancouver i Washington i USA | ||
Fødenamn | Robert Lenard Bogle | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1958–2009 | ||
Sjanger | Instrumentalrock, surferock | ||
Instrument | Gitar, bassgitar | ||
Tilknytte artistar | The Ventures | ||
Verka som | Musikar | ||
Prisar | Oklahoma Music Hall of Fame |
Robert Lenard «Bob» Bogle (16. januar 1934–14. juni 2009) var eit opphavleg medlem i instrumentalgruppa The Ventures. Han og Don Wilson skipa gruppa i 1959. Bogle var først sologitarist og seinare bassist i gruppa. I 2008 vart Bogle og dei andre medlemmane i The Ventures innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.[1]
Bogle var fødd nær Wagoner i Oklahoma og arbeidde som murar i California frå han var 15 år gammal. Han lærte seg å spele gitar på eiga hand og møtte Don Wilson i Seattle i 1958, dder dei arbeidde i lag på anleggsplassar. Dei skipa bandet The Versatones i lag, og dette utvikla seg til å bli The Ventures. Sologitaren til Bogle på The Ventures sin versjon av «Walk, Don't Run» i 1960, var med å forme den neste generasjonen gitaristar, som John Fogerty, Steve Miller, Joe Walsh og Stevie Ray Vaughan.[2]
Bogle døydde 75 år gammal den 14. juni 2009 av blodkreft i Vancouver i Washington.[3][4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bob Bogle» frå Wikipedia på engelsk, den 27. februar 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «The Ventures, Rock and Roll Hall of Fame Inductee, 2008». The Rock and Roll Hall of Fame and Museum. Henta 27. februar 2018.
- ↑ Schudel, Matt (June 17, 2009). «Ventures Electric Guitarist Drove 1960-åra Chart Toppers». Washington Post. s. B5. Henta 25. februar 2018.
- ↑ «Ventures star Bogle dies aged 75». BBC News. 27. februar 2018. Henta 27. februar 2018.
- ↑ Vogt, Tom (20 June 2009). «Bogle's legacy is his music». The Columbian (Vancouver, WA: Columbian Publishing Company). Henta 20 July 2014.