Butanol
Utsjånad
Butanol (C4H10O eller C4H9OH)er ein einverdig alkohol. Det eine av dei 4 karbonatoma har ei hydroksylgruppe (OH) bunde til seg. Butanol har isomeri, det vil seia at ulike strukturar gir den same summeformelen. Ordet butanol åleine vert likevel ofte nytta om isomeren 1-butanol.
Isomeri
[endre | endre wikiteksten]Butanol har 4 isomerar:
- n-butanol, 1-butanol, CH3CH2CH2CH2OH
- sec-butanol, 2-butanol CH3CH2CH2OHCH3
- isobutanol, 2-metyl-1-propanol (CH3)2CHCH2OH
- tert-butanol, 2-metyl-2-propanol (CH3)2COHCH3
Framstilling
[endre | endre wikiteksten]Butanol kan framstillast av biomasse, eller fossillt brensel.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Industrielt vert butanol nytta som løysemiddel. Stoffet kan òg brukast som brensel for bensinmotorar.