Colette Besson
Utsjånad
Colette Besson | |
Colette Besson på den olympiske sigerspallen i 1968 | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 7. april 1946 Saint-Georges-de-Didonne |
Død | |
Yrke | mellomdistanseløpar, sprintar, friidrettsutøvar |
Språk | fransk |
Høgd | 169 centimeter |
Colette Besson på Commons |
Colette Besson (7. april 1946–9. august 2005) var ein fransk sprintar frå Saint-Georges-de-Didonne som vart olympisk meister på 400 meter i 1968.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Besson overraska stort på 400 meter under dei olympiske sommarleikane 1968 i Mexico-byen. Med en gode tida 52,0 tok ho gullmedaljen framom favorittane Lillian Board frå Storbritannia (52,1)og Natalja Petsjonkina frå Sovjetunionen (52,2).
Året etter fekk Besson sølv på same distansen i europameisterskapen 1969 i Aten, slått på målstreken av landskvinna Nicole Duclos. Sølvmedalje fekk ho også i 4 × 400 m stafett, der ho som ankerkvinne vart slått i spurten av Lillian Board. Seinare klarde ikkje Besson å hevde seg i internasjonale tevlingar og la opp i 1977.
Ho døydde i La Rochelle av kreft.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Colette Besson» frå Wikipedia på tysk, den 6. september 2014.