Denver
City and County of Denver | |||
by | |||
|
|||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Stat | Colorado | ||
Fylke | Denver | ||
Del av | Denver metropolitan area, Southwestern United States | ||
Areal | 401,2 km² | ||
Folketal | 715 522 (2020)[1][2] | ||
Tidssone | MST (UTC-7) | ||
Denver 39°44′21″N 104°59′05″W / 39.739166666667°N 104.98472222222°W | |||
Wikimedia Commons: Denver, Colorado | |||
Nettstad: http://www.denvergov.org |
Denver er hovudstaden og største byen i delstaten Colorado i USA. Byen har 554 636 innbyggarar, med forstader har Denver-Aurora området omtrent 2,83 millionar innbyggarar. Denver blei grunnlagt i 1854 og oppkalla etter guvernøren i Kansas-territoriet, som heitte James W. Denver.
Denver ligg ved foten av fjellkjeda Rocky Mountains. 15. steg på Colorados Kapitol ligg 1 609 m. over havet, noko som har gjeve Denver namnet «Mile High City».
Sida Denver er den største byen i ein omkrins av 600 km er han eit viktig transportsentrum. Den nye flyplassen som blei opna i 1995 var, målt i passasjertal, den femte største i USA og den tiande største i verda i 2004.
Denver County
[endre | endre wikiteksten]Denver er òg eit fylke,og dei grensene mot Adams County i nordaust, Arapahoe County i aust og mot Jefferson County i vest. Det har eit totalt areal på 401 km² fire km² av dette er vatn. Fylket blei grunnlagt i 1902 av land som blei skilt ut frå Arapahoe County.
Folk frå Denver County
[endre | endre wikiteksten]- John Searle, filosof, kjend for Det kinesise rom-tankeeksperimentet
- Karl Rove, rådgjevar til George Bush, norskætta
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://data.census.gov/cedsci/table?q=United%20States&tid=DECENNIALPL2020.P1; vitjingsdato: 21. september 2021.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.