Det Norske Veritas
Det Norske Veritas | |||
| |||
Type | Stifting | ||
---|---|---|---|
Org.nummer | 911 177 781 | ||
Skipa | 1864 | ||
Hovudkontor | Høvik | ||
Styreleiar | Leif Arne Langøy | ||
Motto | Å virke for sikring av liv og verdier | ||
Nettstad | https://www.detnorskeveritas.com/ |
Det norske Veritas (DNV) ei norsk stifting som har som vedtektsfesta føremål å verka for sikring av liv, verdiar og miljø.[1] Det Norske Veritas vart skipa 15. juni 1864 av seks norske gjensidige sjøtrygdelag for at kontrollen av skip skulle gjerast av deira eige kontrollføretak, som òg skulle utvikle eigne reglar for klassifisering og skipsbygging og gje ut eit felles register over godkjende skip. På vegner av trygdelaga skulle Det norske Veritas stå for gransking av kvaliteten på skipa og gje kvart skip ein fastsett karakter ved å rubrisere skipet i ei såkalla klasse, og deretter opplyse om klassifiseringane i eit publisert register, og dessutan utarbeide regler for korleis skip skulle verte kontrollert og bygd.
Histore
[endre | endre wikiteksten]Hans Eleonardus Møller og Morten Smith-Petersen blir rekna som opphavsmennene til institusjonen.[2] Møller blei den første formannen i stiftinga, og hadde stillinga til han døydde i 1867. Han blei etterfølgd av Smith-Petersen. Den første direktøren i DNV var kapteinløytnant i marinen Nils Ihlen. Vidare blei det tilsett ein assistent for direktøren og 10 «besiktigelsesmenn» med base i dei største byane frå Oslo til Kristiansund.
Eigarskap
[endre | endre wikiteksten]I september 2013 fusjonerte Det Norske Veritas med Germanischer Lloyd. Stiftinga Det Norske Veritas er majoritetseigar i det nye selskapet, DNV GL. I dag eig Det Norske Veritas (DNV) verksemder innanfor skipsklassifikasjon, sertifisering, rådgjeving, testing, inspeksjon og forsking gjennom det norsk-tyske konsernet DNV GL Group AS. Stiftinga Det Norske Veritas eig 63,5 prosent av aksjane i dette konsernet, og det tyske private investeringsselskapet Mayfair Vermögensverwaltungs SE eig dei resterande 36,5 prosent av aksjane.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Nøkkelopplysninger fra Enhetsregisteret
- ↑ Asbjørn Barlaup (red): Det norske Veritas 1864-1964 - Sikkerhet til sjøs, Det norske Veritas, Oslo, 1964. Oppgjeve i Wikipedia på bokmål.
- snl.no: Det Norske Veritas
- Delar av denne artikkelen bygger på «Stiftelsen Det Norske Veritas» frå Wikipedia på bokmål, den 28. mars 2017.