Hopp til innhald

Det rwandiske riksvåpenet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det rwandiske riksvåpenet

Det rwandiske riksvåpenet blei endra i 2001 for at det skulle samsvara med det nye flagget i landet. Riksvåpenet viser ei agasekekorg i midten og to skjold på kvar side. I tillegg eit tannhjul, ein sorghumplante og ein kaffiplante og øvst i midten ei sol. Sola er også på det rwandiske flagget.

I eit band øvst på våpenet står teksten REPUBULIKA Y'U RWANDA, og i eit band under står UBUMWE, UMURIMO, GUKUNDA IGIHUGU. Teksten er på njaruanda og kan omsetjast med «Republikken Rawanda – Eining, arbeid, patriotisme».[1]

  1. Roede, Lars (21. juni 2024). «Rwandas flagg og våpen». Store norske leksikon (på norsk).