Distriktet Levkosía
Levkosía | |||
Επαρχία Λευκωσίας Lefkoşa kazası | |||
distrikt | |||
Land | Kypros | ||
---|---|---|---|
Del av | Kypros | ||
Areal | 2 710,002 km² | ||
Folketal | 326 980 (2011)[1][2] | ||
Distriktet Levkosía 35°09′42″N 33°20′44″E / 35.161749°N 33.345541°E | |||
Kart som viser plasseringa av distriktet Levkosía på Kypros.
| |||
Wikimedia Commons: Nicosia District |
Distriktet Levkosía[a] er eit distrikt i Republikken Kypros. Distriktet ligg sentralt på øya Kypros og har eit areal på 2 714 kvadratkilometer.[3]
Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har den nordlege delen av distriktet vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros, fordelt på distrikta Lefkoşa, Güzelyurt og frå 2016 Lefke.[4][5] Landsbyen Dénia ligg i FNs buffersone på Kypros.
Folketal
[endre | endre wikiteksten]Utviklinga av folketalet i distriktet (frå 1976 er ikkje dei områda som er administrerte av Nord-Kypros medrekna):
År | Folketal | Kjelde |
---|---|---|
1901 | 71 289 | [3] |
1921 | 93 765 | [3] |
1931 | 110 010 | [3] |
1946 | 145 965 | [3] |
1960 | 204 283 | [3] |
1973 | 232 702 | [3] |
1976 | 191 345 | [6] |
1982 | 210 684 | [7] |
1992 | 244 779 | [8] |
2001 | 273 642 | [9] |
2011 | 326 980 | [10] |
Administrasjon
[endre | endre wikiteksten]Distriktsadministrasjonen i byen Levkosía (Nikosia) representerer den kypriotiske staten i distriktet. Fungerande leiar for distriktsadministrasjonen (gresk έπαρχος, éparkhos) er (i 2016) Mários Panajídis.[11]
Kommunar og busetnader
[endre | endre wikiteksten]Distriktet har tolv kommunar, av desse ligg to heilt i område som er administrerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros,[12] medan to har innbyggjarar på båe sider.[10][4] Dei kommunane som er under kontroll av styresmaktene, er (innbyggjartal 2011 i parentes):[10]:
- Aglandziá (20 783)
- Dáli (10 466)
- Éngomi (18 010)
- Jéri (8 235)
- Lakatámia (38 345)
- Latsiá (16 774)
- Stróvolos (67 904)
- Tséri (7 035)
Kommunane som er kontrollerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros, er (innbyggjartal 2011 i parentes):[4]
- Mórfou (Güzelyurt) (7 465)
- Kythréa (Değirmenlik) (3 284)
Desse kommunane har innbyggjarar på båe sider:[10][4]
- Levkosia (Lefkoşa, Nikosia) (Republikken Kypros 55 014, Nord-Kypros 37 115)
- Ájos Dométios (Aydemet) (Republikken Kypros 12 456, Nord-Kypros 2 314)
Utanom kommunane har Levkosía 162 registrerte busetnader, av desse ligg 49 i område som er administrerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros.[13] Dei største busetnadene som er under kontroll av styresmaktene, er (innbyggjartal 2011 i parentes):[10]
|
|
|
|
Dei største busetnadene som er heilt kontrollerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros, er (innbyggjartal 2011 i parentes):[4]
|
|
|
To busetnader har innbyggjarar på båe sider:[10][4]
- Páno Zódia (Yukarı Bostancı) (Republikken Kypros 15, Nord-Kypros 1 495)
- Louroukína (Akıncılar) (Republikken Kypros 11, Nord-Kypros 390)
Eit tjuetals busetnader, dei fleste i eller nær buffersona mellom dei områda som er kontrollerte av republikken Kypros, og dei områda som er administrerte av Nord-Kypros, er heilt eller nesten heilt fråflytta.
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Απογραφή πληθυσμού 2011» (på gresk). 11. januar 2001. Arkivert frå originalen 2. januar 2018. Henta 7. august 2018.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 «Census of population 2011» (på engelsk). 11. januar 2001. Arkivert frå originalen 2. januar 2018. Henta 7. august 2018.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Gwillim Law (1999). Administrative Subdivisions of Countries: A Comprehensive World Reference. s. 102.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 «KKTC Nüfus Sayımı, 2011 – Folketeljing Nord-Kypros 2011» (PDF) (på tyrkisk). www.ktoeos.org. Arkivert frå originalen (PDF) 9. juli 2022. Henta 17. september 2023.
- ↑ «Lefke 6. ilçe oldu! Lefke sjette distrikt i Nord-Kypros» (på tyrkisk). Kibris Postasi. Arkivert frå originalen 11. september 2022. Henta 16. september 2023.
- ↑ «Folketeljing Kypros 1976» (på gresk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 6. august 2022. Henta 17. september 2023.
- ↑ «Folketeljing Kypros 1982» (på engelsk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 6. august 2022. Henta 17. september 2023.
- ↑ «Folketeljing Kypros 1992» (på gresk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 6. august 2022. Henta 17. september 2023.
- ↑ «Folketeljing Kypros 2001» (på engelsk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 17. september 2023. Henta 17. september 2023.
- ↑ 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 10,5 «Folketeljing Kypros 2011» (på engelsk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 17. september 2023. Henta 17. september 2023.
- ↑ «Heimeside for distriktsadministrasjonen» (på gresk). www.moi.gov.cy. Arkivert frå originalen 11. juli 2019. Henta 17. september 2023.
- ↑ «Occupied Municipalities» (på engelsk). Union of Cyprus Municipalities – Unionen av kypriotiske kommunar. Arkivert frå originalen 29. januar 2023. Henta 17. september 2023.
- ↑ «Oversyn over kommunar og busetnader» (på gresk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 4. juni 2016. Henta 17. september 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]