Hopp til innhald

Earth Moving

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Earth Moving
Studioalbum av Mike Oldfield
Språk engelsk
Utgjeve 10. juli 1989
Innspelt kring 1988–1989
Sjanger Pop, rock[1]
Lengd 40:50
Selskap Virgin
Produsent Daniel Lazerus, Mike Oldfield
Mike Oldfield-kronologi 
Islands
(1987)
Earth Moving Amarok
(1990)


Singlar frå Earth Moving
  1. «Earth Moving»
    Utgjeve: 1989
  2. «Innocent»
    Utgjeve: 1989
  3. «(One Glance Is) Holy»
    Utgjeve: 30. oktober 1989
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 stars[1]

Earth Moving er det 12. studioalbumet til den engelske musikaren Mike Oldfield, gjeve ut i 1989. I motsetnad til dei tidlegare albuma til Oldfield har dette albumet ingen instrumentalar.

Oldfield brutke fleire vokalistar på albumet, inkludert den dåverande kjærasten Anita Hegerland. Albumet vart hovudsakleg framført ved hjelp av synthesizer. Det var første gongen Oldfield gav ut eit album utan instrumentalar. Alle songane var pop- og rockesongar med vokal. Det einaste andre albumet til Oldfield utan instrumentalar så langt er Man on the Rocks frå 2014.

I følgje Oldfield vart albumet laga i samråd med plateselskapet Virgin Records, som kravde at han laga meir kommersiell musikk enn på dei føregåande albuma. Etter at han spelte inn Earth Moving ønskte Oldfield å gå bort frå 'dataprega musikk' og i staden bruke verkelege musikarar og instrument. Dette er tydeleg på det neste albumet hans, Amarok.[2]

Alle songar skrivne av Mike Oldfield.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Holy»4:37
2.«Hostage»4:09
3.«Far Country»4:25
4.«Innocent»3:30
5.«Runaway Son»4:05
Side to
Nr.TittelLengd
6.«See the Light»3:59
7.«Earth Moving»4:03
8.«Blue Night»3:47
9.«Nothing But / Bridge to Paradise»8:40

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Salstrofé

[endre | endre wikiteksten]
Region Salstrofé Salstal
Frankrike (SNEP)[3] Gull 100 000*
Tyskland (BVMI)[4] Gull 250 000^
Spania(PROMUSICAE)[5] Gull 50 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[6] Gull 25 000x

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine