Hopp til innhald

Ein Avdat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein Avdat
עין עבדת
dal
Namneopphav: Obodaskjelda
Land  Israel
Region Negev
Distrikt Sør
Kommune Ramat Negev
Koordinatar 30°49′35.35″N 34°45′59.68″E / 30.8264861°N 34.7665778°E / 30.8264861; 34.7665778
Lengd km
Areal 4 800 km²
Kart
Ein Avdat
30°49′35″N 34°45′59″E / 30.82638889°N 34.76638889°E / 30.82638889; 34.76638889
Kart som viser Ein Avdat.
Kart som viser Ein Avdat.
Kart som viser Ein Avdat.
Wikimedia Commons: Ein Avdat

Ein Avdat (hebraisk עין עבדת) eller Ein Ovdat er ei kløft i Negevørkenen i Israel, sør for Sde Boker kibbutz. Arkeologiske funn syner at Ein Avdat var busett av nabatearane og katolske munkar. Fleire vasskjelder i den sørlege opninga av kløfta munnar ut i djupe tjern i ei rekkje fossar.

Ein Avdat frå toppen av kløfta.
Ein Avdat

Ein (hebraisk עין) er hebraisk for vasskjelde. Avdat (hebraisk עבדת) kjem frå den nærliggande byen Avdat som ligg sør for kløfta.[1] Avdat vart kalla opp etter den nabateiske kongen Obodas I som i følgje tradisjonen er gravlagd der.[2]

Førhistorisk tid

[endre | endre wikiteksten]

Funn av flintreiskap syner at det har vore busetnad her i førhistorisk tid. Ein trur dei kan vere så gamle som 80 000–90 000 år gamle og ein del av Moustérienkulturen. Flint i frambrot i nærleiken vart nytta til piler og spissar. Skal frå strutseegg og bein frå villesel syner noko av dyrelivet på den tida. Mennskeskapte knivar og andre handhaldne verktøy indikerer at dei kjem frå eldre steinalder og mellomsteinalderen. Restane av små busetnader består av fleire runde strukturar daterte til bronsealderen.[3]

I hellenistisk tid vart Avdat ein stasjon langs den nabateiske Røykjelsevegen, ein gammal handelsveg frå Egypt til India gjennom Arabia. Jordbruket utvikla seg tidleg i romartida. Festningar langs Røykjelsevegen utvikla seg til blømande byar med mange offentlege bygg og gardar.[3][4]

I bysantinsk tid, var Ein Avdat busett av munkar som budde i grotter. Dei skar ut skap, hyller, benkar, trapper og vassystem, og dekorerte murane i grottene med kross og bøner.[3][5]

UNESCO reknar Avdat som ein verdsarvstad på grunn av den unike bysantinske kyrkja frå 200-talet. Ho er både ei av dei eldste og best bevarte kyrkjene i tida før kristendomen vart godkjend av keisar Konstantin. Kyrkja vart mykje øydelagd av beduinske vandalar i 2009.[6]

Etter den muslimske erobringa av Palestina, vart region fråflytta.[3]

Moderne tid

[endre | endre wikiteksten]

Etter Sde Boker kibbutz vart grunnlagd i 1952 og bygginga av hovudveg 40 til Eilat var ferdig, vart det laga ein gangveg her.[3] Ein Avdat har i dag status som nasjonalpark i Israel.[7][8]

Ein Avdat er ein del av Nahal Zin, den største wadi eller tørre elveleie i Negev. Den 120 kilometer lange dalen byrjar i nordvestenden av Makhtesh Ramon og går nordover før han svingar skarpt austover. Ein Avdat vart skapt av erosjon.[3][5]

Vasskjelder

[endre | endre wikiteksten]
Ein Avdat-basseng.
Bråflaum i Ein Avdat

Den sørlegaste kjelda er Ein Ma'arif,[3][9] med ei rekkje basseng og vatn.[10] Det ligg ei bysantinsk festning oppom kjelda og i nærleiken finst jordbruksland.[5][10]

Lenger nord ligg Ein Avdat, ein 15 meter høg foss som fell ned i ei åtte meter djupt vatn delt av fleire små, kunstige dammar.[11]

Nord i parken ligg ei kjelde kalla Ein Mor, kalla opp etter myrra.[9][12]

Rundt kjeldene veks det poppel og atriplex, ofte kalla saltbusk, som veks ved elvebreidda og toler salt.[3][7]

Ein Avdat
Klimadiagram (forklaring)
JFMAMJJASOND
 
 
25
 
15
4
 
 
18
 
16
5
 
 
17
 
19
7
 
 
7.9
 
25
11
 
 
1.1
 
29
14
 
 
0
 
31
16
 
 
0
 
33
18
 
 
0
 
33
19
 
 
0.1
 
31
17
 
 
2
 
27
14
 
 
7.6
 
22
9
 
 
75
 
17
6
Normal maks. og min. temperatur i °C
Total nedbør i mm
Kjelde: The Israelsk meteorologiske institutt

Somrane er varme og nesten heilt utan nedbør, medan vintrane er kjølige med noko nedbør. Den lågaste temperaturen som er målt ved ein vêrstasjon i området er -3,6 °C. Om sommaren kan temperaturane nå over 40 °C. Fukta er relativt høg.[13]

  1. «The Glossary of Terms and Names». mosaikk.lk.net. Henta 1. oktober 2014. [daud lenkje]
  2. Jacobs, Daniel; Shirley Eber; Frankrikesca Silvani (1998). «Dimona and Mamshit». Israel and the Palestinian Territories: The Rough Guide. Rough Guides. s. 531. ISBN 1-85828-248-9. Henta 13. januar 2009. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 «Ein Avdat». mosaic.lk.net. Arkivert frå originalen 29. januar 2009. Henta 1. oktober 2014. 
  4. «Ein Avdat». Jewish Virtual Library. Arkivert frå originalen 18. august 2016. Henta 1. oktober 2014. 
  5. 5,0 5,1 5,2 «Nahal Zin, Ein Avdat». bibleplaces.com. Henta 1. oktober 2014. 
  6. "Vandals destroy ancient Negev site; Bedouin held for 'unparalleled damage' to Nabatean archaeological park, Zafrir Rinat, 6. oktober 2009, Haaretz http://www.haaretz.com/print-edition/news/vandals-destroy-ancient-negev-site-1.6637
  7. 7,0 7,1 «Ein Avdat nasjonalpark». Israelsk naturverns- og nasjonalparkstilsyn. Arkivert frå originalen 26. februar 2009. Henta 1. oktober 2014. 
  8. Orgad, Avigdor; Tsvika Tsuk. «Ein-Avdat nasjonalpark». Kalmanovitz Bros. Henta 1. oktober 2014. 
  9. 9,0 9,1 «Ein Avdat - A Desert Fresh Water Ecosystem». Caretakers Israel. Arkivert frå originalen 19. november 2008. Henta 1. oktober 2014. 
  10. 10,0 10,1 «Ein Ovdat nasjonalpark». boker.org.il. Arkivert frå originalen 31. mai 2009. Henta 1. oktober 2014. 
  11. Winter, Dave; John Matthews (1999). Israel Handbook: With Dei palestinske sjøvstyresmaktene Areas (2 utg.). Footprint Travel Guides. s. 841. ISBN 1-900949-48-2. Henta 1. oktober 2014. 
  12. Strutin, Michal (2001). «Northern Negev». Discovering Natural Israel (illustrated utg.). Jonathan David Company, Inc. s. 341. ISBN 0-8246-0413-X. Henta 1. oktober 2014. 
  13. «Climate information». Israelsk meteorologiske institutt. Henta 1. oktober 2014. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Ein Avdat