Enzo Scifo
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Vincenzo Daniele Scifo | ||
Fødd | 19. februar 1966 (58 år) | ||
Fødestad | La Louvière i Belgia | ||
Høgd | 178 cm | ||
Posisjon | Defensiv midtbanespelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1983-1987 | Anderlecht | 119 | (32) |
1987-1988 | Inter | 28 | (4) |
1988-1989 | Bordeaux | 24 | (7) |
1989-1991 | Auxerre | 67 | (25) |
1991-1993 | Torino | 62 | (16) |
1993-1997 | Monaco | 91 | (20) |
1997-2000 | Anderlecht | 75 | (14) |
2000-2001 | RSC Charleroi | 12 | (3) |
Totalt | 478 | (121) | |
Landslag | |||
1984-1998 | Belgia | 84 | (18) |
Trenar for | |||
2001-2002 | Charleroi | ||
2004-2006 | Tubize | ||
2007-2009 | Mouscron | ||
2012-2013 | Mons | ||
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 29. januar 2011 ‡ Landslagsmål oppdatert 29. januar 2011 |
Vincenzo Daniele Scifo, betre kjend som Enzo Scifo, (fødd 19. februar 1966) er ein tidlegare belgisk fotballspelar og noverandre fotballtrenar frå La Louvière. I ungdommen blei han betrakta av mange som ein av Belgias største talentar.
Foreldrene kom frå Italia. I 1980 då han var 14 år gjekk han til den belgiske storklubben RSC Anderlecht, hvor han debuterte på seniorlaget i 1983. I 1984 fekk han sin debut på det belgiske landslaget, mot dåverande Jugoslavia. I 1986 blei han teken ut til den belgiske VM-troppen som drog til sluttspelet i VM i Mexico, der han skåra eit mål i gruppespelet.
I 1987 gjekk han til italienske Inter, men utan vidare suksess. To år seinare gjekk han til den franske klubben Bordeaux. I 1990 spelte han VM i Italia, og blei ansett for å væra ein av turneringens beste spelarar. I 1991 vende han tilbake til Italia og Torino, der han blei i to år, inntil han flytta tilbake til Frankrike. I 1997 var han tilbake i Anderlecht, klubben han hadde forlatt 10 år tidlegare. Han la opp i 2000, og har i seinare tid trent Charleroi, Tubize og Mouscron.
I tillegg til dei øvenemnde VM-sluttspela deltok han òg i USA 1994 og i Frankrike 1998. Totalt spelte han 84 landskampar og skåra 18 mål.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Belgisk seriemeister: 1985, 1986, 1987 og 2000 med RSC Anderlecht
- Fransk seriemeister: 1997 med AS Monaco
- Italiensk cupmeister: 1993 med Torino FC
- 84 landskampar for Belgia og 18 mål mellom 1984 og 1998.
- 4 VM og 1 EM-sluttspel
- Einskildmenn
- Fødde i 1966
- Belgiske fotballspelarar
- Belgiske fotballtrenarar
- Spelarar i Fotball-EM 1984
- Spelarar i Fotball-VM 1986
- Spelarar i Fotball-VM 1990
- Spelarar i Fotball-VM 1994
- Spelarar i Fotball-VM 1998
- Anderlecht-spelarar
- Inter-spelarar
- Bordeaux-spelarar
- Auxerre-spelarar
- Torino-spelarar
- Monaco-spelarar
- Royal Charleroi-spelarar