Forbundsdagsvalet 2005
Forbundsdagsvalet 2005 var eit forbundsdagsval til den tyske forbundsdagen den 18. september 2005. På tysk språk vert valet omtala som Bundestagswahl 2005. Hovudmotstandarane var forbundskanslar Gerhard Schröder frå sosialdemokratane (SPD) og Angela Merkel frå Kristelegdemokratane (CDU).
Det var venta at venstresida ville få mindre oppslutnad enn ved sist val. Sosialdemokratane og dei grøne har hatt regjeringsmakt, og har slite med eit økonomisk tilbakeslag.
I samband med samarbeidet med det nye i hovudsak vest-tyske venstrepartiet WASG framfor parlamentsvalet hausten 2005, skifta sosialistpartiet PDS den 17. juli 2005 namn til Die Linkspartei, Venstrepartiet, med kortforma Die Linke. Bokstavane PDS kan brukast attåt av dei delstatsavdelingane som ønskjer det, i praksis dei nye forbundslanda i aust. Hovudkandidatane til venstre for sosialdemokratane er Oskar Lafontaine og Gregor Gysi.
Etter valet danna Angela Merkel regjering i ein såkalla storkoalisjon (Große Koalition) mellom SPD og CDU/CSU.
Resultat
[endre | endre wikiteksten]Parti | Del av røystene | +/- 2002 | Mandat | +/- 2002 | |
---|---|---|---|---|---|
SPD | 34,2 | -4,3 | 222 | -29 | |
Union CDU CSU |
35,2 27,8 7,4 |
-3,3 -1,7 -1,6 |
226 180 46 |
-22 -10 -12 | |
Grüne | 8,1 | -0,5 | 51 | -4 | |
FDP | 9,8 | +2,4 | 61 | +14 | |
Linkspartei | 8,7 | +4,7 | 54 | +52 | |
Andre | 3,9 | +0,9 | - | - |