Hopp til innhald

François Clouet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
François Clouet

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 1510
Tours
Død

22. september 1572 (61 år)
Paris

Yrke kunstmålar, teiknar
Sjanger portrett
Far Jean Clouet
François Clouet på Commons

François Clouet (151522. desember 1572) var ein fransk målar under seinrenessansen. Han var son til den nederlandske målaren Jean Clouet.

Liv og gjerning

[endre | endre wikiteksten]
'Ei kvinne i badet', truleg eit portrett av Diane de Poitiers,[1] 1571
'Portrett av Frans I til hest', ca. 1540

François Clouet var fødd i Tours og tok i 1541 over som hoffmålar for den franske kongefamilien etter far sin. Han var påverka av både Hans Holbein d.y. og Paris Bordone, og elles av den nederlandske kunststilen.

Mange av Clouet sine verk, til dømes 'Dame ved toalettbordet', viser også teikn av påverknad frå florentinsk kunst. Truleg hadde han vore i Italia. Teikningane hans var særleg detaljerte og måleria meir virtuose og gjennomarbeidde enn dei far hans laga.

Clouet måla portrett av kongane Henrik II, Frans I og Karl IX. Eit av hans meir kjende verk er portrettet av apotekaren Pierre Quthe, datert 1562, no i Louvre. Også det gåtefulle 'Diana i badet' er mellom dei viktigaste verka hans.

Clouet naut stort ry i samtida gjennom å lyfte portrettkunsten og det forfina galante mytologiske måleriet til eit svært høgt nivå. Han døydde i Paris, få månader etter Bartolomeusnatta.

  • Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: François Clouet
  1. Jollett, Etienne. Clouet. Lagune.