Frank-Peter Roetsch
Frank-Peter Roetsch | |
Statsborgarskap | Tyskland, Den tyske demokratiske republikken |
Fødd | 19. april 1964 (60 år) Güstrow |
Yrke | skiskyttar, sportskommentator |
Språk | tysk |
Høgd | 175 centimeter |
Politisk parti | Sozialistische Einheitspartei Deutschlands |
Frank-Peter Roetsch på Commons |
Frank-Peter Roetsch (fødd 19. april 1964) er ein tysk tidlegare skiskyttar frå Güstrow i Mecklenburg-Vorpommern, som representerte DDR. Han vann fem gullmedaljar i VM i skiskyting, to av desse i stafett, og to gullmedaljar i olympiske leikar, begge individuelt. Åra 1983-89 tok han sju gullmedaljar og seks sølvmedaljar i ulike VM og OL, åtte av medaljane kom i individuelle øvingar. Han vann verdscupen i skiskyting både i 1984, 1985 og 1987.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Roetsch slo gjennom med i ein smell i 1983-sesongen. Knapt 19 år gammal tok han sølvmedaljen på 20 km og vart nummer fire på 10 km i skiskyting-VM. Han fekk rimelegvis plass på DDR sitt lag i 4x5 km stafett, og tok der med seg ytterlegare ein sølvmedalje. Også under vinter-OL 1984 tok han ein sølvmedalje då han på 20 km kopierte prestasjonen frå VM året før. OL-sesongen elles var framifrå, då han gjekk heilt til topps i verdscupen i skiskyting.
Roetsch forsvarte tittelen som verdas beste skiskyttar i 1985. Han var elles den fyrste skiskyttaren som tok i bruk skøyteteknikken i løypa, då han det året sigra klart i eit verdscuprenn i Oberhof. I VM i skiskyting 1985 lukkast han ikkje individuelt, men fekk eit nytt stafett-sølv med DDR. Under VM i Oslo 1986 fekk Roetsch for femte gong ein sølvmedalje, også då i stafett.
I 1987 var Roetsch den klart beste skiskyttaren i verda og sikra seg sigeren i verdscupen for tredje gong. Endeleg lukkast han fullt ut i ein verdsmeisterskap, i Lake Placid steig han til topps i alle tre øvingane; 20 km, 10 km og 4x5 km stafett med DDR. Saman med Jürgen Wirth, Matthias Jacob og André Sehmisch syrgde han for ein suveren siger til DDR. Også i dei olympiske leikane i 1988 imponerte Roetsch med å vinne begge dei individuelle tevlingane.
Roetsch vann sitt siste VM-gull i 1989 då han i lag med Frank Luck, Sehmisch og Birk Anders vart verdsmeistrar i stafett i Feistritz.
Han la opp som skiskyttar i 1992.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- VM i skiskyting 1983 i Antholz: Sølvmedalje på 20 km og i stafett
- Vinter-OL 1984 i Sarajevo: Sølvmedalje på 20 km
- VM i skiskyting 1985 i Ruhpolding: Sølvmedalje i stafett, nr 8 på 10 km
- VM i skiskyting 1986 i Oslo: Sølvmedalje i stafett og nr 4 på 20 km
- VM i skiskyting 1987 i Lake Placid: Gullmedalje i alle tre øvingane
- Vinter-OL 1988 i Calgary: Gullmedalje på 20 km og 10 km
- VM i skiskyting 1989 i Feistritz: Gullmedalje i stafett, nr 5 på 10 km
- VM i skiskyting 1991 i Lahti: Nr 7 på 20 km
- Vinter-OL 1992 i Albertville: Nr 9 på 10 km
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuelle årgangar
- Einskildmenn
- Fødde i 1964
- Tyske skiskyttarar
- Austtyske skiskyttarar
- Verdsmeistrar i skiskyting
- Olympiske meistrar for Aust-Tyskland
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Aust-Tyskland
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1984
- Austtyske deltakarar under vinter-OL 1984
- Skiskyttarar under vinter-OL 1984
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1988
- Austtyske deltakarar under vinter-OL 1988
- Skiskyttarar under vinter-OL 1988
- Tyske deltakarar under vinter-OL 1992
- Skiskyttarar under vinter-OL 1992