Hopp til innhald

Frank Zappa Meets the Mothers of Prevention

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frank Zappa Meets the Mothers of Prevention
Album av Frank Zappa
Språk engelsk
Utgjeve 21. november 985
Innspelt november 1981 – september 1985
at UMRK
Sjanger eksperimentell rock, progressiv rock
Lengd 36:12
Selskap Barking Pumpkin
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi 
The Old Masters Box I
(1985)
Frank Zappa Meets the Mothers of Prevention Does Humor Belong in Music?
(1986)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars [1]

Frank Zappa Meets the Mothers of Prevention er eit album frå 1985 av Frank Zappa. Det vart opphavleg gjeven ut som to litt forskjellige versjonar i USA og Europa.

Albumtittelen er ein referanse til lobbygrubba PMRC, som kravde at plateselskap måtte setje åtvaringsmerke på album dei rekna som støytande, og det tidlegare bandet til Zappa, The Mothers of Invention.

Etter distribusjonsproblem med med albumet Thing-Fish, som den tidlegare Barking Pumpkin-distributøren MCA Records nekta å gje ut,[2] gjorde Zappa ein avtale med EMI Records, som gav ut Them Or Us og Thing-FishCapitol Records i USA.[2] Zappa skreiv ei «åtvaring» på plateomslaga til desse albuma som sa at albumet hadde innhald «som eit verkeleg fritt samfunn verken ville frykte eller undertrykke», og ein «garanti» som sa at teksten ikkje ville «føre til evig pinsle i ein stad der fyren med horn og spiss stav bur».[2]

Den originale USA-versjonen av albumet inneheld sporet «Porn Wars» — ein lydcollage med utdrag frå PMRC-høyringane. Dette sporet vart fjerna frå andre versjonar og erstatta med tre andre stykke: «I Don't Even Care», skriven av Zappa og Johnny «Guitar» Watson, og to instrumentale spor — «One Man, One Vote» (på Synclavier) og «H.R. 2911», som nyttar somme av bakgrunnsmusikken frå «Porn Wars», utan PMRC-høyringa.

Alle songar er skrivne av Frank Zappa, utanom der andre er nemnte..

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«We're Turning Again»4:55
2.«Alien Orifice»4:03
3.«Yo Cats» (Zappa, Tommy Mars)3:31
4.«What's New in Baltimore?»5:21
Side to
Nr.TittelLengd
5.«Little Beige Sambo»3:02
6.«Porn Wars»12:04
7.«Aerobics in Bondage»3:16
CD-utgåve frå 1995
Nr.TittelLengd
1.«I Don't Even Care» (Zappa, Johnny «Guitar» Watson)4:39
2.«One Man, One Vote»2:35
3.«Little Beige Sambo»3:02
4.«Aerobics in Bondage»3:16
5.«We're Turning Again»4:55
6.«Alien Orifice»4:10
7.«Yo Cats» (Zappa, Tommy Mars)3:33
8.«What's New in Baltimore?»5:20
9.«Porn Wars»12:03
10.«H.R. 2911»3:35

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Salslister

[endre | endre wikiteksten]

Album - Billboard (Nord-Amerika)

År Liste Plassering
1986 Billboard 200 153[3]
  1. Couture, F. (2011). «Frank Zappa Meets The Mothers Of Prevention - Frank Zappa | AllMusic». allmusic.com. Henta 5. juni 2014. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Zappa, Frank med Occhiogrosso, Peter (1989). The Real Frank Zappa Book. New York: Poseidon Press. s. 278–279. ISBN 0-671-63870-X. 
  3. «Salslister and Awards for The Man from Utopia». Allmusic. Henta 7. juni 2014. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]