Gammal innsjø
Gammal innsjø (engelsk ancient lake) kan definerast som ein innsjø som har innehalde vatn i meir enn éin million år. Innsjøer er som regel meir kortvarige fenomen i geologisk forstand fordi dei raskt blir fylte igjen med sediment, eller fordi utløpselva deira grev seg ned til same nivå som botnen i innsjøen og tømmer han. I sjeldne tilfelle kan tektoniske krefter gjera at botnen synk inn like raskt som sedimenta legger seg, og då kan ein innsjø eksistera i mange millionar år.
Det finst berre 20 gamle sjøar som er over 1 million år gamle.[1] Bajkalsjøen blir ofte rekna som den eldste, ettersom det finst tydeleg prov på at han er 25–30 millionar år gammal.[2][3] Zajsan kan vera endå eldre, med opphav frå krittida og minst 65 millionar år gammal[4] (mest truleg rundt 70 millionar år[5]), men den nøyaktige alderne er omstridd og ganske usikker.[6] Ein annan mogleg eldste innsjø er Maracaibosjøen, som er estimert til å vera 20–36 millionar år gammal. I gammal tid var han utan tvil ein ekte innsjø, men i dagen er sjøen salthaldig og er direkte knytt til havet, slik at ein gjerne heller bil karaktisera han som ei bukt eller ein lagune.[7]
Gamle innsjøar er isolerte og stabile økosystem. Det kan derfor utvikla seg mange endemiske artar i slike innsjøar. Eit kjent døme er dei mange ciklideartane i Tanganyikasjøen og Malawisjøen.
Liste over gamle innsjøar
[endre | endre wikiteksten]Navn | Land | Alder |
---|---|---|
Aralsjøen | Kasakhstan, Usbekistan | 3–5 millionar år |
Bajkalsjøen | Russland | 25–30 millionar år |
Biwasjøen | Japan | minst 4 millionar år |
Bosumtwi | Ghana | 1 million år |
Eyresjøen | Australia | meir enn 20 millionar år |
Issyk-Kul | Kirgisistan | 25 millionar år |
Kaspihavet | Aserbajdsjan, Iran, Kasakhstan, Russland, Turkmenistan | 5,5 millionar år |
Kati Thanda/Eyresjøen | Australia | 2,5-5 millionar år |
Khövsgölsjøen | Mongolia | 2–20 millionar år |
Lanaosjøen | Filippinane | 2–20 millionar år |
Malawisjøen | Malawi, Mosambik, Tanzania | 3,6–5,5 millionar år |
Maracaibosjøen | Venezuela | 20–36 millionar år |
Ohridsjøen | Albania, Republikken Makedonia | 2–5 millionar år |
Pingualuit-krateret | Canada | 1–2 millionar år |
Prespasjøen | Albania, Hellas, Republikken Makedonia | 2–5 millionar år |
Tahoesjøen | USA | 1–2 millionar år |
Tanganyikasjøen | Burundi, Kongo, Tanzania, Zambia | 14–20 millionar år |
Titicacasjøen | Bolivia, Peru | 2–3 millionar år |
Tulesjøen | USA | 2–20 millionar år |
Vostoksjøen | Antarktis | 1–2 millionar år |
Zajsan | Kasakhstan | meir enn 65 millionar år |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Ancient lakes of the world». Christopher M. Free. Arkivert frå originalen (website) 9. februar 2020. Henta 20 January 2020.
- ↑ «Lake Baikal – UNESCO World Heritage Centre». Henta 8. mars 2018.
- ↑ «Lake Baikal: Protection of a unique ecosystem». ScienceDaily. 26. juli 2017. Henta 8. mars 2018.
- ↑ Lucas; Bray; Emry; Hirsch (2012). «Dinosaur eggshell and Cretaceous-Paleogene Boundary in the Zaysan Basin, eastern Kazakhstan». Journal of Stratigraphy 36 (2): 1376–1382. doi:10.1016/j.proenv.2011.09.220.
- ↑ Dorfman, B.F. (2011). «Zaysan-the Only Surviving Cretaceous Lake-May be Lost». Procedia Environmental Sciences 10 (B): 1376–1382. doi:10.1016/j.proenv.2011.09.220.
- ↑ «The Oldest Lakes in the World». World Atlas. Henta 8 March 2018.
- ↑ «Lake Maracaibo – Lakes of the World». World Atlas. Henta 8. mars 2018.
- Denne artikkelen bygger på «Gammel innsjø» frå Wikipedia på bokmål, den 11. august 2021.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- LakeNet – Ancient Lakes ved worldlakes.org
- Species in Ancient Lakes ved sial-online.org