Hopp til innhald

Guru Har Rai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guru Har Rai

Fødd 16. januar 1630
Kiratpur Sahib, Mogulriket
Død

6. oktober 1661 (31 år)
Kiratpur Sahib, Mogulriket

Yrke guru
Far Baba Gurditta
Guru Har Rai på Commons

Guru Har Rai (26. februar 163030. mai 1661) var den sjuande av dei ti sikh-guruane og vart guru den 8. mars 1644 som etterfølgjar etter bestefar sin, guru Har Gobind. Føre guru Har Rai dji døydde, utnemnde han guru Har Krisjan, sonen sin, som den neste sikh-guruen.

Dette er eit oversyn over dei viktigaste høgdepunkta i livet åt guru Har Rai dji:

  1. Som barn tok han seg nær av lidinga han påførte plantar når han uviljande øydela dei med kappa si.
  2. Han fortsette dei militære tradisjonane som bestefar hans, guru Har Gobind dji, starta.
  3. Han hadde alltid 2 200 ståande soldatar.
  4. Han reiste fleire gonger til Malva og Doaba-distrikta i Panjab.
  5. Det blir sagt at da sonen hans, Ram Rai, framførte ein bani feil framføre mughal-keisaren Aurangzeb, så forsvann han og vart aldri sett att. Guru Har Rai dji skal ha sagt: «Ram Rai, du har trassa ordren min og synda. Eg vil aldri sjå deg att på grunn av utruskapen din.»

Guru Har Rai dji utnemnde den andre sonen sin, guru Har Krisjan, til guru da han var berre fem år gammal.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]