Guttorm Olsson Grimelid
Guttorm Olsson Grimelid | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1757 |
Død |
1820 (63 år) |
Yrke | musikar |
Guttorm Olsson Grimelid (1757–29. september 1820) var ein norsk bonde og spelemann frå Krødsherad. Han vert rekna som den første spelemann på hardingfele i Krødsherad. Springaren Grimeliden er kalla opp etter han.
Ved folketeljinga 1801 var han «Selveier af en plads, skræder og spillemand» på garden Søndre Bjøre i Krødsherad, med kone og seks heimeverande born.[1]
Det er etter tilhøva greitt å følgje tradisjonslina etter Grimeliden. Han var mest truleg kjelda for mykje av spelet til Gamle-Kleven, som førte det vidare i Krødsherad, og ettersom han var ein del i lag med Knut Lurås, vart ein del av spelet hans ført til Telemark og vidareutvikla der, mellom anna av Myllarguten og andre. Det er rimeleg å tru at Grimelid og spelemannen Harald Langåker frå Nes i Hallingdal og har hatt ein det med einannan å gjera, noko ein kan sjå av mykje sams spel mellom Krødsherad og nedre Hallingdal. Spelemannen Jon Kjos var jamgammal med Grimelid.