György Ligeti
György Sándor Ligeti (28. mai 1923–12. juni 2006) var ein dei viktigaste komponistane innanfor kunstmusikken på 1900-talet. Han blei fødd inn i ein ungarsk, jødisk familie i Transilvania, Romania, men budde i Ungarn før han i 1956 emigrerte til Austerrike.
Musikken Ligeti skreiv i Ungarn, var tydeleg inspirert av Béla Bartók, og dei mest modernistisk orienterte verka blei slått hardt ned på av den sovjetiske sensuren. Etter å ha flytta frå Ungarn, komponerte Ligeti verk med vekt på teksturar (inspirerte av elektronisk musikk), mikro-polyfoni (som han sjølv kalla det), og klangflatar. I 1970-åra trer rytmen fram som eit viktig element, og i 1977 komponerer han sin einaste opera Le Grand Macabre. Ved overgangen til 1980-talet er det ein periode med få verk frå Ligeti; det var ein periode som blei brukt til utviklinga av ein ny stil. Den innebar ein mindre tett kromatikk, ein hang til å favorisera små og store tersar, samt komplekse og maskinaktige polyrytmar. Blant dei mest kjende verka frå denne siste perioden er pianokonserten (som han kalla eit estetisk credo), fiolinkonserten og Hamburg-konserten.
I 1993 vart Ligeti tildelt Ernst von Siemens’ musikkpris.
Hjå det store publikummet er verka til Ligeti best kjent gjennom filmane til Stanley Kubrick, og då spesielt 2001: A Space Odyssey.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «György Ligeti» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mars 2012.