Hopp til innhald

Hægebostad kommune

Koordinatar: 58°22′32.6″N 7°13′11″E / 58.375722°N 7.21972°E / 58.375722; 7.21972
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hægebostad kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Agder
Adm.senter Tingvatn
Areal 462 km²
 •  land 426 km²
 •  vatn 36 km²
Folketal 1 776  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Margrethe Handeland (2015) (Sp)
Kommunenr. 4226
Kart
Hægebostad kommune
58°27′24″N 7°13′11″E / 58.456666666667°N 7.2197222222222°E / 58.456666666667; 7.2197222222222
Kart som viser Hægebostad kommune.
Kart som viser Hægebostad kommune.
Kart som viser Hægebostad kommune.
Wikimedia Commons: Hægebostad
Nettstad: haegebostad.kommune.no

Hægebostad er ein innlandskommune i Agder fylke. Kommunen grensar til Kvinesdal i vest og nord, Åseral og Audnedal i aust og Lyngdal i sør.

Hægebostad har om lag 1.600 innbyggjarar. I tillegg er det kring 800 hytter i kommunen.

Elva Lygna som er varig verna mot kraftutbygging renn frå nord til sør i kommunen. Elva og vatnet Lygne har som følgje av kalking godt fiske. Alt i alt er det 988 små og store vatn i kommunen.

Kommunen har eit rikt dyreliv med elg, bever, rådyr, hare, rype, ørn og gaupe. Nord i kommunen er det beiteområde for den sørlegaste villreinstamma i landet.

Fylkesveg 42 kryssar kommunen i retning aust-vest, og fylkesveg 43 som går sørover gjev samband til Europaveg 39. Sørlandsbanen har stoppestad i Hægebostad på Snartemo stasjon. Stasjonen ligg midt mellom to av de lengste jernbanetunnelane i Noreg, Kvinesheitunnelen og Hægebostadtunnelen.

Meteorologisk institutt, Avinor og Statens vegvesen driv i samarbeid ein stor vérradarStaksteinliknuten (631 moh.) i Hægebostad. Radaren stod ferdig i 2000 og dekkjer sørlege delar av Noreg og dei nære havområda utanfor.

Hægebostad kommune av i dag omfattar dei tidlegare kommunane Hægebostad og Eiken. Dei vart slegne saman i 1963. Dei to kommunane utgjorde ein kommune òg frå 1837 til 1915. Frå 1916 til 1962 var Hægebostad og Eiken sjølvstendige kommunar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

58°22′32.6″N 7°13′11″E / 58.375722°N 7.21972°E / 58.375722; 7.21972