Herm
Utsjånad
Herm | |
---|---|
Nordsida av øya. Ein kan sjå ståande steinar på graset og Sark i bakgrunnen. | |
Geografi | |
Stad | Den engelske kanalen |
Koordinatar | 49°28′N 2°27′W / 49.467°N 2.450°W |
Øygruppe | Kanaløyane
|
Areal | 2 km²
|
Administrasjon | |
Land | Storbritannia |
Demografi | |
Folketal | 60 (2002) |
Folketettleik | 30 /km² |
Herm (guernésiais Haerme) er den minste av Kanaløyane som er open for publikum. Det er ikkje lov med bilar på øya, som på naboøya Sark, men i motsetnad til Sark er det heller ikkje lov med syklar.
Herm er underlagt Guernsey. Øya er 2 km lang og mindre enn 1 km brei. Nord på øya finn ein sandstrender, medan sørsida er meir steinete. Shell Beach og Belvoir Bay er to store turistattraksjonar. Øya Jethou ligg like sør for Herm. Det vert sagt at ein storm i 709 vaska bort ei sandstripe som gjekk mellom dei to øyane.[1] I vest ligg sundet Little Roussel (Petit Ruau) mellom øya og Guernsey og Big Roussel (Grand Ruau) ligg i aust mellom øya og Sark.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad Arkivert 2008-10-26 ved Wayback Machine.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Herm» frå Wikipedia på engelsk, den 4. februar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Heimesida til Herm, arkivert frå originalen 16. august 2015, henta 4. februar 2010