Hopp til innhald

Hestrie Cloete

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hestrie Cloete
Statsborgarskap Sør-Afrika
Fødd 26. august 1978 (46 år)
Germiston
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Samveldeleikane 2002
Utmerkingar Ikhamanga-ordenen, Årets friidrettsutøver i verden

Hestrie Cloete, fødd Storbeck, (fødd 26. august 1978) er ein sørafrikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Germiston. Ho vart verdsmeister i høgdehopp i 2001 og 2002, og vann OL-sølv både i 2000 og 2004.

185 cm høge Cloete vann høgdetevlinga i Afrika-leikane 1995 i Harare. Tre år seinare vart ho afrikameister i Dakar etter å ha svinga seg over 1,92 m og i 1999 vann ho øvinga med 1,96 m under Afrika-leikane i Johannesburg.

Under Sommar-OL 2000 i Sydney vann Cloete sølvmedaljen i høgdetevlinga, på same høgda som den russiske gullvinnaren. Året etter vann ho gullmedaljen ved friidretts-VM 2001 i Edmonton, på same høgda som sølvvinnaren, det òg ein russisk utøvar. Ved friidrett-VM i Paris i 2003 gjorde ho sitt livs beste høgdehopp på 2006 og vann ein suveren gullmedalje. Året etter stoppa ho på 2,02 m under sommarleikane 2004 og tok sølvmedaljen med færre riv enn bronsevinnaren, ukrainske Vita Stjopina.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]