Islandsgrønkurle
Islandsgrønkurle | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Dactylorhiza | ||
Art: | D. viridis | ||
Vitskapleg namn | |||
Dactylorhiza viridis ssp. islandica
(Lindley)
| |||
Økologi | |||
Habitat: | sanddynelandskap | ||
Utbreiing: | Jæren, Island |
Islandsgrønkurle (Dactylorhiza viridis ssp. islandica) er ei plante i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]
Systematikk
[endre | endre wikiteksten]Islandsgrønkurle er ein underart av grønkurle, stuttare og med meir kompakt aks enn nominatunderarten smågrønkurle (ssp. viridis). Underarten var tidlegare plassert i slekta Coeloglossum med namnet Coeloglossum viride ssp. islandicum, men på grunn av det nære slektskapet til slekta Dactylorhiza, på norsk marihandslekta, er grønkurlene overførte dit i den norske klassifiseringa.[2] Andre stader har ein valt å halde på Coeloglossum-namnet.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Islandsgrønkurle veks på fuktig sanddyne og rikmyr på og nær sanddyner. I Noreg er utbreiinga avgrensa til to små og sårbare funnstader på kysten av Jæren.[3] I Norsk raudliste for artar (2021) er underarten oppgradert frå sterkt truga (EN) til kritisk truga (CR).[4]
Islandsgrønkurle veks òg på Island (status LC, islandsk namn barnarót).[5][6] Det skal òg vere denne underarten som er rekna som sjáldsom på Færøyane (færøysk namn grønligt hjúnagras).[7][8]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Artsdatabanken: Artsopplysningar islandsgrønkurle». Artsdatabanken. Henta 24. februar 2022.
- ↑ «Artsdatabanken: Namnetre islandsgrønkurle». Artsdatabanken. Henta 24. februar 2022.
- ↑ «Artskart: Islandsgrønkurle, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 24. februar 2022.
- ↑ «Raudlista: Islandsgrønkurle». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 24. februar 2022.
- ↑ «Barnarót (Coeloglossum viride)». Náttúrufræðistofnun Íslands. Henta 14. februar 2023.
- ↑ «Coeloglossum viride subsp. islandicum». Global Biodiversity Information Facility. Henta 7. mars 2022.
- ↑ Manna Maria Fosaa mfl. (2005). «Reyðlisti. Náttúrulýsing lendi og sløg» (PDF). Føroya Náttúrugripasavn.
- ↑ Føroya náttúra. Lívfrøðiligt margfeldi. Tórshavn: Føroya Skúlabókagrunnur. 2006. s. 223. ISBN 99918-0-407-2.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) islandsgrønkurle hos Artsdatabanken
- (en) islandsgrønkurle hos The International Plant Names Index