Ivano Balić
Ivano Balić | |
Statsborgarskap | Kroatia |
Fødd | 1. april 1979 (45 år) Split |
Idrett | handball |
Tok del i | Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004 |
Utmerkingar | Årets handballspelar frå IHF, Årets handballspelar frå IHF, star on Croatian Walk of Fame |
Ivano Balić (fødd 1. april 1979) er ein kroatisk tidlegare handballspelar frå Split. Han vart verdsmeister 2003 og olympisk meister 2004 med Kroatia sitt landslag. Balić vart i 2003 og 2006 kåra til verdas beste handballspelar av IHF (Det internasjonale handballforbundet). Han var midtre rykkromspelar.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Balić var spelstyrar når laget hans var i angrep. I så måte var han ein særs sjeldan einar, kåra til bestemann i fem landslags-turneringar i rad: EM og OL 2004. VM 2005, EM 2006 og VM 2007. Omframt VM-gull og OL-gull var han med på å vinne to VM-sølv, to EM-sølv, OL-bronse og EM-bronse. Under europameisterskapen i Noreg i 2008 vart han toppskårar, saman med danske Lars Christiansen og franske Nikola Karabatić. Åra frå 2002 til 2012 deltok Balić i 198 landskampar og skåra 535 mål.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Balić spelte for det kroatiske topplaget RK Metković frå 2001 til 2004. I hans fyrste sesong på laget gjekk det til topps i både den nasjonale cupen og i serien, men grunna bruk av ein ureglementert spelar vart seriemeister-tittelen tildelt RK Zagreb. Frå 2004 gjorde han teneste i spanske Portland San Antonio. Med laget frå Pamplona vann han den spanske handballserien i 2005. Året etter tok han og laget seg til finalen i meisterligaen, der det vart tap mot Ciudad Real. I 2008 returnerte Balić til Kroatia, der han spelte på meisterlaget RK Zagreb. Dei neste fire åra sigra laget i såvel serien som i cupen. Kort før 2012/13-sesongen tok til, slutta han seg til spanske Atlético Madrid. Før klubben slo seg konkurs i 2013, var Balić med på å vinne den spanske kongepokalen. Frå 2013 til han la opp i 2015, var Balić aktiv for tyske HSG Wetzlar.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Handball-EM 2002 for menn: Nr 16
- Handball-VM 2003 for menn: Gullmedalje, siger over Tyskland
- Handball-EM 2004 for menn: Nr 4
- Sommar-OL 2004: Gullmedalje, siger mot Tyskland
- Handball-VM 2005 for menn: Sølvmedalje, tap mot Spania
- Handball-EM 2006 for menn: Nr 4
- Handball-VM 2007 for menn: Nr 5
- Handball-EM 2008 for menn: Sølvmedalje, tap mot Danmark
- Sommar-OL 2008: Nr 4
- Handball-VM 2009 for menn: Sølvmedalje, tap mot Frankrike
- Handball-EM 2010 for menn: Sølvmedalje, tap mot Frankrike
- Handball-VM 2011 for menn: Nr 5
- Handball-EM 2012 for menn: Bronsemedalje
- Sommar-OL 2012: Bronsemedalje
- Kroatisk cupmeister: 2002 for RK Metković
- Kroatisk cupmeister: 2009, 2010, 2011 og 2012 for RK Zagreb
- Kroatisk seriemeister: 2009, 2010, 2011 og 2012 for RK Zagreb
- Spansk seriemeister: 2005 for Portland San Antonio
- Spansk cupmeister: 2013 for Atlético Madrid
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ivano Balić» frå Wikipedia på tysk, den 8. oktober 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Ivano Balić» frå Wikipedia på engelsk, den 8. oktober 2023.
- Einskildmenn
- Fødde i 1979
- Kroatiske handballspelarar
- Verdsmeistrar i handball
- Olympiske meistrar for Kroatia
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Kroatia
- Olympiske medaljevinnarar i handball
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2004
- Kroatiske deltakarar under sommar-OL 2004
- Handballspelarar under sommar-OL 2004
- Kroatiske deltakarar under sommar-OL 2008
- Handballspelarar under sommar-OL 2008
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2012
- Kroatiske deltakarar under sommar-OL 2012
- Handballspelarar under sommar-OL 2012