Hopp til innhald

Jõhvi

Koordinatar: 59°21′0″N 27°25′0″E / 59.35000°N 27.41667°E / 59.35000; 27.41667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jõhvi linn
Hovudplassen i Jõhvi
Hovudplassen i Jõhvi
Hovudplassen i Jõhvi
Flagget til Jõhvi linn Byvåpenet til Jõhvi linn
Flagget til Jõhvi linn Byvåpenet til Jõhvi linn


Plassering
Jõhvi is located in Estland
Styresmakter
Land  Estland
Maakond Ida-Viru maakond
Borgarmeister Tauno Võhmar
Geografi
Flatevidd
 - By

7,62 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2004)
   - folketettleik

11 600
  1 522,3 /km²
Koordinatar 59°21′0″N 27°25′0″E / 59.35000°N 27.41667°E / 59.35000; 27.41667
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.johvi.ee

Jõhvi (tysk Jewe) er ein by og ein kommune nordaust i Estland og hovudstad i Ida-Viru maakond. Byen ligg om lag 50 km frå grensa til Russland.

Etniske estlendingar er ein minoritet i Jõhvi og om lag 58 % av innbyggjarane er anten etniske russiske emigrantar som kom til hit i sovjettida (1944-1991) eller etterkomarane deira.

Jõhvi vart først nemnd som ein landsby i 1241 i Liber Census Daniae då han vart styrt av Danmark. Historiske namn på Jõhvi har vore Gewi og Jewi. På 1200-talet vart det bygd ei kyrkje her, og Jõhvi vart senter for eit sokn.