Jevnaker kyrkje
Jevnaker kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Viken | ||
Kommune | Jevnaker | ||
Type | åttekant | ||
Teknikk | lafteverk | ||
Material | tre | ||
Innvigd | 8. oktober 1834 | ||
• Endringar | 1890, 1910 | ||
Tårn | I vest | ||
Klokker | 1789 (Erich Schmidt) og 1893 (O. Olsen & Søn) | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Døypefont | 1732, kalkforma og med akantus | ||
Orgel | Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk, 1962 | ||
Sitjeplassar | 400[1] | ||
Diverse | Prekestolalter | ||
Jevnaker kyrkje 60°15′28″N 10°26′04″E / 60.257705°N 10.434426°E | |||
Wikimedia Commons: Jevnaker kirke |
Jevnaker kyrkje er ei verna åttekantkyrkje (kyrkje med åttekanta grunnplan) frå 1834 i Jevnaker kommune på Hadeland i Viken fylke. Ho er bygd i tre og har 400 sitjeplassar. Det opphavlege interiøret er teke godt vare på, mellom anna med preikestolen plassert over altaret i ein kombinasjon som ofte vert kalla preikestolaltar. Truleg har byggmeister S.H.Aspaas og sokneprest (og astronom) Abraham Pihl stått for teikninga og bygginga av kyrkja, men det er òg mogleg at ho kan vere bygd med Vang kyrkje i Hamar som førebilete.
Jevnaker kyrkje står på same plassen som ei steinkyrkje frå mellomalderen stod tidlegare, men som vart for lita på byrjinga av 1800-talet. Kyrkja er soknekyrkje i Jevnaker sokn i Hadeland og Land prosti i Hamar bispedøme.
Prestegarden ligg på den andre sida av E16.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Festtidsskrift til Jevnaker kirkes 150-års jubileum 1834 -1984. Jevnaker: Jevnaker menighetsråd. 1984.
- Bugge, Anders (1932). «Jevnaker kirke». Hadeland. Bygdenes historie I. Oslo: Nationaltrykkeriet. s. 246-255.
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 582. ISBN 82-7527-022-7.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Jevnaker kirke på Kyrkjesøk Arkivert 2013-12-13 ved Wayback Machine.
- Jevnaker kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Hadeland Lag of America (har interiørbilete)