Hopp til innhald

Kantonen Zürich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zürich
Zurich, Zurigo, Turitg
kanton
Flagg
Symbol
Forkorting: ZH
Land  Sveits
Hovudstad Zürich
Høgaste punkt Schnebelhorn
 •  høgd 1 292 moh.
Areal 1 729 km²
Folketal 1 520 968 (31. desember 2018)[1]
Kanton sidan 1291
Språk tysk
Kart
Kantonen Zürich
47°24′47″N 8°39′23″E / 47.413055611111°N 8.6563888888889°E / 47.413055611111; 8.6563888888889
Kart som viser Kantonen Zürich.
Kart som viser Kantonen Zürich.
Kart som viser Kantonen Zürich.
Wikimedia Commons: Canton of Zürich

Zürich er ein kanton i det nordlege Sveits. Kantonen har eit areal på 1 729 km2, og hadde om lag 1 521 000 innbyggarar i 2018. Zürich er den mest folkerike kantonen i Sveits. Byen Zürich er hovudstad i kantonen.

Zürich slutta seg til det sveitsiske eidsforbundet i 1353, og høyrer såleis med til «dei åtte gamle stadene».

Kantonen grensar i nord til delstaten Baden-Württemberg i Tyskland, og til kantonane Schaffhausen i nord, Thurgau og St. Gallen i aust, Schwyz og Zug i sør og til Aargau i vest. Høgste fjellet er Schnebelhorn, 1 292 meter over havet, på grensa mot kantonen St. Gallen. Lågastliggande punktet er på Rhinen ved Weiach, 330 moh. Zürichsjøen, i sørdelen av kantonen, er den einaste større innsjøen.

Språk og samfunn

[endre | endre wikiteksten]

Tysk er skriftspråk i Zürich, medan zürichtysk, ein variant av sveitsartysk, er talemålet. Reformatoren Huldrych Zwingli vart i 1519 prest i Grossmünster i byen Zürich, og trass i at han vart drepen i 1531, vart heile kantonen verande protestantisk. I dag er 43% av innbyggarane protestantar, dei fleste av desse er medlem av Schweizer Reformierte Kirchen. 31% soknar til den romersk-katolske kyrkja, som følgje av stor innvandring til kantonen frå Sør-Europa.

Distrikt og kommunar

[endre | endre wikiteksten]

Zürich består av 12 distrikt (bezirke), som er delt opp i til saman 171 kommunar. Dei tolv distrikta har namn etter administrasjonsbyen, og er Zürich, Affoltern, Andelfingen, Bülach, Dielsdorf, Dietikon, Hinwil, Horgen, Meilen, Pfäffikon, Uster og Winterthur.

Kantonen Zürich består av land som byen Zürich kjøpte etter at han i 1218 vart fri (reichfrei) det direkte keisarstyret. Oppkjøpa var særleg omfattande etter lauga i byen gjorde opprør i 1336. I 1351 slutta Zürich seg til det sveitsiske eidsforbundet. Den lågareliggande delen av kantonen vart innlemma i 1362. Dei nordlege delane av kantonen, opp til elva Rhinen, vart lagt til kantonen då byen Zürich i 1468 kjøpte Winterthur frå habsburgarane. I 1803 fekk landområde vest i kantonen høve til å knyte seg til kantonen Aargau.

Under ei folkeavrøysting i februar 2005 godkjende folket i Zürich ei ny grunnlov for kantonen. Den nye grunnlova, som trådde i kraft januar 2006, erstatta ei grunnlov frå 1869.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kantonen Zürich