Kovel
Kovel | |||
Ковель | |||
by | |||
|
|||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Oblast | Volyn oblast | ||
Rajon | Kovel bykommune | ||
Koordinatar | 51°13′0″N 24°43′0″E / 51.21667°N 24.71667°E | ||
Areal | 47,3 km² | ||
Folketal | 65 777 (2009) | ||
Folketettleik | 1 391 / km² | ||
Grunnlagd | 1200-talet | ||
• grunnlagd 2 | 1518 | ||
Borgarmeister | Oleh Kinder[1] | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 45000 | ||
Retningsnummer | +380 3352 | ||
Kovel 51°13′00″N 24°43′00″E / 51.216666666667°N 24.716666666667°E | |||
Kart som viser Kovel.
| |||
Wikimedia Commons: Kovel | |||
Nettstad: Offisiel nettstad |
Kovel (ukrainsk og russisk Ковель, Kovel, polsk: Kowel, hebraisk: כהואל) er ein by i Volyn oblast (provins), nordvest i Ukraina. Han er det administrative senteret i Kovelskyj rajon (distrikt), medan byen sjølv er eit eige rajon i oblastetByen har kring 65 000 innbyggjarar.[2] Kovel har gjeve namn til ein av dei eldste runeinskripsjonane ein kjenner til, men denne vart tapt under andre verdskrigen.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Kovel (Kowel) vart først nemnd i 1310.[4] Han fekk byrettar frå den polske kongen Zygmunt Stary i 1518.[4] I 1547 vart Bona Sforza, den polske dronninga, eigaren av Kowel.[4]
Etter delingane av Polen fall byen til Det russiske imperiet for over hundre år. Under første verdskrigen var byen åstad for slaget ved Kovel mellom Sentralmaktene og Det russiske imperiet. I mellomkrigstida var Kovel senter for Kovel fylke i Volhyn voivodskap i Den polske republikken. I andre verdskrigen, etter den tyske invasjonen i Polen og den påfølgjande operasjon Barbarossa vart 18 000 jødar i Kovel myrda av tyskarane, hovudsakleg i august og september 1942. Seinare, i mars og april 1944, var det harde kampar mellom tyskarane og den raude armeen. I 1945 vart området ein del av Den ukrainske sovjetiske sosialistrepublikken. Han har vore ein del av det sjølvstendige Ukraina sidan 1991.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kovel» frå Wikipedia på engelsk, den 18. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Municipal official site på ukrainsk». Arkivert frå originalen 27. februar 2012. Henta 18. september 2012.
- ↑ «Supreme Council of Ukraine».
- ↑ Photograph from the Boris Feldblyum Collection
- ↑ 4,0 4,1 4,2 Rąkowski, Grzegorz (2005). Wołyń. Pruszków: Oficyna Wydawnicza "Rewasz". s. 85. ISBN 83-89188-32-5.