Hopp til innhald

Kristin Halvorsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristin Halvorsen

Kristin Halvorsen vert gratulert som Finansminister på Løvebakken, 17. oktober 2005
Foto: Eivind på Wikimedia Commons
Fødd2. september 1960 (64 år)
Horten kommune
Statsborgar avNoreg
PartiSosialistisk Venstreparti
Yrkepolitikar, styreleiar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
EktefelleCharlo Halvorsen
Alle verv

Kristin Halvorsen (fødd 2. september 1960) er ein norsk politikar for Sosialistisk Venstreparti. Ho er også partileiar i partiet og kunnskapsminister i regjeringa Stoltenberg II. Då Audun Lysbakken trekte seg frå stillinga som barneminister 5. mars 2012,[1] tok Halvorsen midlertidig over stillinga hans.[2]

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Kristin Halvorsen vart fødd i Horten (no Borre) i Vestfold. Ho har universitetsfaga sosialpedagogikk og kriminologi (høvesvis 1,5 og 1 år, ikkje fullført nokon grad), og har arbeidd som sekretær i eit advokatfirma. Det er den einaste jobben ho har hatt utanom politikken.[3] Ho har hatt mange tillitsverv i Sosialistisk Ungdom og SV. Halvorsen er gift med NRK-tilsette Charlo Halvorsen.

Politisk karriere

[endre | endre wikiteksten]

Halvorsen har vore stortingsrepresentant sidan 1989, og representerer Oslo. Ho var medlem i Utanrikskomiteen frå 1989 til 2005. Ho har også vore med i Den utvida utanrikskomiteen, Valkomiteen og Stortinget sin delegasjon for samband med EU-parlamentet. I tillegg var ho gruppeleiar for SV si stortingsgruppe frå 1997 til 2005.

Ho var finansminister i regjeringa Stoltenberg II frå 17. oktober 2005. Ho blei med dette den første kvinnelege finansministeren i Noreg, og den første finansministeren frå eit parti til venstre for Arbeidarpartiet. Den 20. oktober 2009 gjekk ho av som finansminister, og tok i staden over som statsråd og leiar for Kunnskapsdepartementet.

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

I 2002 fekk Halvorsen Kommunikasjonsprisen 2002 frå Norsk Kommunikasjonsforening. Ho var den første norske partileiaren som hadde ein blogg. I 2004 gav ho ut boka Rett fra hjertetGyldendal forlag (Kristin Halvorsen i samtale med Ingolf Håkon Teigene).

  1. [ Audun Lysbakken trekker seg som statsråd Audun Lysbakken trekker seg som statsråd] i Dagbladet, den 5. mars 2012.
  2. Kristin Halvorsen tar over midlertidig etter Lysbakken i Dagbladet, den 5. mars 2012.
  3. «Halvorsen, Kristin» av Ingunn Norderval i Norsk Biografisk Leksikon; bind 4, Halvorsen-Ibsen (Kunnskapsforlaget, 2001) (www).

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kristin Halvorsen


Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.