Larry Junstrom
Utsjånad
Larry Junstrom | |||
Junstrom på Dixon May Fair i 2010 | |||
Fødd | 22. juni 1949 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Pittsburgh i Pennsylvania i USA | ||
Død | 5. oktober 2019 (70 år) | ||
Dødsstad | Palatka i Florida i USA | ||
Fødenamn | Lawrence Edward Junstrom | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1964–2014 | ||
Sjanger | Southern rock | ||
Instrument | Bass | ||
Tilknytte artistar | .38 Special, Lynyrd Skynyrd | ||
Verka som | Musikar |
Lawrence Edward Junstrom (22. juni 1949–5. oktober 2019) var ein amerikansk bassist, mest kjend som medlem i rockebandet .38 Special frå 1977 til 2014.[1] Han var òg med å skipe southern rock-bandet Lynyrd Skynyrd.
Junstrom var bassist i Lynyrd Skynyrd frå bandet vart skipa i 1964, fram til han vart erstatta av Greg T. Walker i 1971. Donnie Van Zant, den yngre broren til Lynyrd Skynyrd-frontmannen Ronnie Van Zant, skipa .38 Special i 1974, og Junstrom kom inn som bassgitarist der i 1977.
Junstrom pensjonerte seg frå .38 Special i 2014 på grunn av ein handskade han måtte opererast for. Han døydde 5. oktober 2019, 70 år gammal.[2][3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Larry Junstrom» frå Wikipedia på engelsk, den 20. desember 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. «Biography: .38 Special». AllMusic. Henta 21. mai 2010.
- ↑ «Obituary Lawrence Edward Junstrom 22. juni 1949 – 5. oktober 2019». dignitymemorial.com. Henta 20. desember 2020.
- ↑ «Lynyrd Skynyrd founder Larry Junstrom dead at 70». Torontosun.com. 6. oktober 2019. Henta 20. desember 2020.