Lulla Fossland
Lulla Fossland | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. august 1917 Karmøy kommune |
Død |
3. desember 2009 (92 år) |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Politisk parti | Arbeidarpartiet |
Ektefelle | Torolf Fossland |
Lulla Einrid Fossland (13. august 1917–3. desember 2009) var ein norsk politikar og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet.
Fossland vart fødd i Harstad med foreldra Elvine og Gerhard Melvik. Ho tok middelskoleeksamen i 1933, folkehøgskole 1936/37 og arbeidde i grensepolitiet frå 1937 til 1945. I 1937 var ho blitt gift med Torolf Fossland, og ho flytta i 1945 med han til Lierne, der ho arbeidde som ekspeditrise, og i 1958 til Karmøy, der ho arbeidde som typesettar og syerske. Her tok ho òg utdanning gjennom LO.
Lulla Einrid Fossland vart vald til 1. vararepresentant til Stortinget for Rogaland Arbeidarparti i periodane 1969-73 og 1973-77. I den første perioden rykte ho opp til fast representant 25.11.1969 etter at Peder Næsheim døydde. I 1967-71 representerte ho Arbeidarpartiet i Karmøy kommunestyre.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Helge O. Larsen; «Torolf Fossland» i Årbok for Helgeland 2009 ISBN 978-92-90148-02-2
- Profil på Stortinget.no