Mango
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå sebramangust.
Mango | |
Mango | |
Status | |
Status i verda: Datamangel | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Sapindales |
Familie: | Anacardiaceae |
Slekt: | Mangifera |
Art: | Mango M. indica |
Vitskapleg namn | |
Mangifera indica |
Mango (Mangifera indica) er eit tre i familien Anacardiaceae som vert opptil 30 meter høgt. Det stammar frå Sør-Asia, der det er ein av dei eldste kulturvekstane, men vert i dag dyrka i dei fleste områda med tropisk klima.
Det finst over 1000 ulike fruktsortar med varierande storleik, utsjånad og bruk. Frukta er generelt saftig, velsmakande og haldbar. Fasongen er rund, oval eller hjarteforma, og skalet kan vere gult, grønt eller raudt. Fruktkjøtet er gult og saftig, med ein godt festa, stor, flat stein. Frukta inneheld mykje vitamin A (meir enn 200 μg retinolekvivalentar per 100 g), og elles om lag 30 mg vitamin C, 156 mg kalium, 82 % vatn og 258 kJ tilført energi per 100 gram etande vare. Ein kan ete henne rå, kokt, sylta eller som chutney, og vert mellom anna brukt som grønsak og frukt.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Mango – treart» i Store Norske Leksikon, henta 27. mars 2010 (lisensiert under CC-BY-SA).
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) mango i Encyclopedia of Life
- (en) mango i Global Biodiversity Information Facility
- (en) mango hos ITIS
- (en) mango hos NCBI
- (en) mango hos The International Plant Names Index
- (en) mango hos Tropicos
- (en) Kategori:Mangifera indica – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Mangifera indica – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Mangifera indica – detaljert informasjon på Wikispecies