Mina Bai
Utsjånad
Mina Bai | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1968 (56 år) Teheran |
Yrke | skribent |
Mina Bai (fødd i 1968 i Teheran) er ein iranskfødd, norsk forfattar.[1]
Bai kom til Noreg som flyktning i 1992. Ho budde ei stund i Nord-Noreg og seinare flytta ho til Oslo, der ho ein periode var busett på Tøyen. Ho utdanna seg til ingeniør med informatikkfag ved Universitetet i Oslo.[2]
Bai byrja å skriva på norsk rundt 2006, og debuterte som forfattar i 2009 med romanen Djeveljente. I sine romanar nyttar ho erfaringane frå sitt eige liv som iransk kvinne i Iran, og seinare som innvandrarkvinne i Noreg. I forfattarskapen sin er ho oppteken av kvinnefrigjering frå kulturell, religiøs, tradisjonell tyranni og identitet og tilhøyre.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Djeveljente, Oktober forlag (2009)
- Skam, Juritzen forlag (2014)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Presentasjon på Juritzen forlags nettsider». Arkivert frå originalen 15. mars 2014. Henta 15. mars 2014.
- ↑ «Skriver om innvandrerkvinners skam», Dagsavisen, 21. januar 2014 Arkivert 2014-03-15 ved Wayback Machine.
- Denne artikkelen bygger på «Mina Bai» frå Wikipedia på bokmål, den 10. november 2021.