Moské
Utsjånad
Ein moské (arabisk مسجد masġid) er eit muslimsk sakralbygg for bøn og koranstudium. Sentrale element inne ein moské er mihrab (ei nisje i veggen som vender mot Mekka), minbar (ei trappeliknande plattform nærme mihrab der den religiøse leiaren leier gudstenester og forrettar preiker), dikka (ei opphøgd plattform nærme atterveggen der lekfolk leier gudstenester frå) og kursi (ein lesepult nærme dikka der Koranen blir lesen frå). Vanlege element utanpå er høge tårn eller minaretar og kuppelforma tak.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Moské
Denne islamartikkelen som har med arkitektur å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.