The Mothers of Invention
The Mothers of Invention | |||
The Grandmothers, består av tidlegare medlemmar i Mothers of Invention, i 2000. | |||
Alias | The Mothers Frank Zappa and The Mothers Frank Zappa and The Mothers of Invention | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1964-1969, 1970-1971, 1972, 1973-1975 | ||
Sjanger | Eksperimentell rock, progressiv rock, komedierock, psykedelisk rock, jazzfusion, avantgarde | ||
Tilknytte artistar | Canned Heat, Little Feat, The Turtles, Ruben and the Jets, Flo & Eddie, Captain Beefheart | ||
Plateselskap | Verve, Reprise, Bizarre, DiscReet |
The Mothers of Invention var eit amerikansk rockeband frå California som fungerte som akkompagnement for Frank Zappa, ein sjølvopplært komponist og artist som med mange musikalske inspirasjonskjelder skapte musikk som ofte var umogeleg å kategorisere. Musikken deira er markert av eksperimentering, nyskapande plateomslag og utførlege konsertar.
Dei starta opphavleg som eit R&B-band kalla The Soul Giants, og med i dette bandet spelte Ray Collins, David Coronado, Ray Hunt, Roy Estrada og Jimmy Carl Black. Zappa vart bede om å ta over som gitarist i bandet etter ein krangel mellom Collins og den opphavlege gitaristen. Zappa insisterte på at dei skulle spele originale songar og at dei endra namn til The Mothers. Bandet vart starta i 1964 og vart populære i undergrunnsmiljøet i California på slutten av 1960-åra. Leia av Zappa fekk dei kontrakt med Verve Records og gav ut debutalbumet Freak Out! (1966), med ei besetning som bestod av Zappa, Collins, Black, Estrada og Elliot Ingber.
Med Zappa som leiar vart det mange utskiftingar i bandet, som gav ut ei rekkje kritikarroste album, som Absolutely Free, We're Only in It for the Money ogUncle Meat, før dei vart oppløyst av Zappa i 1969. I 1970 danna Zappa ei ny besetning av The Mothers som omfatta Ian Underwood, Jeff Simmons, George Duke, Aynsley Dunbar og songarane Mark Volman og Howard Kaylan, som tidlegare hadde sunge i The Turtles, og som kalla seg The Phlorescent Leech & Eddie av kontraktsårsaker. Seinare spelte eit anna tidlegare Turtle-medlem, bassisten Jim Pons, i denne besetninga, som vart fram til slutten av 1971, då Zappa vart hardt skadd av eit publikumsmedlem under ein konsert.
Zappa fokusert på storband og orkestermusikk medan han kom seg frå skadane, og danna seinare den siste besetninga med the Mothers i 1973, som omfatta Jean-Luc Ponty, Ralph Humphrey, Sal Marquez, George Duke, Tom og Bruce Fowler og Ruth og Ian Underwood. Det siste albumet med the Mothers som akkompagnement var, Bongo Fury (1975), med gitaristen Denny Walley og trommeslagaren Terry Bozzio, som heldt fram å spele med Zappa på andre album.
Medlemmar
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Tidslinje
[endre | endre wikiteksten]Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjå diskografien til Frank Zappa.
- Freak Out! (1966)
- Absolutely Free (1967)
- We're Only in It for the Money (1968)
- Cruising with Ruben & the Jets (1968)
- Uncle Meat (1969)
- Burnt Weeny Sandwich (1970)
- Weasels Ripped My Flesh (1970)
- Fillmore East - juni 1971 (1971)
- 200 Motels (1971)
- Just Another Band from L.A. (1972)
- The Grand Wazoo (1972)
- Over-Nite Sensation (1973)
- Roxy & Elsewhere (1974)
- One Size Fits All (1975)
- Bongo Fury (1975)
- You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 2 - The Helsinki Concert (1988, innspelt 1974)
- You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 5 (1992, innspelt 1966-69)
- Playground Psychotics (1992, innspelt 1970-71)
- Ahead of Their Time (1993, innspelt 1968)
- Joe's Corsage (2004, innspelt 1964-65)
- Carnegie Hall (2011, innspelt 1971)
- Road Tapes, Venue#1 (2012, innspelt 1968)
- Roxy by Proxy (2014, innspelt 1973)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «The Mothers of Invention» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mai 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Drummerworld.com editors and L.A. Music Academy. «Ralph Humphrey's page on Drummerworld». Drummerworld.com. Henta april 11, 2013.