Namnet Mai
Mai, Maj og May er kvinnenamn og slektsnamn av ulike opphav, ofte knytt til månaden mai. Mai har norsk namnedag den 7. mai, medan Maj har svensk namnedag den 19. mai.
Tydingar
[endre | endre wikiteksten]Namnet kan vera ei nordisk, opphavleg svensk kortform av Maria. Det er i denne samanhengen i slekt med Maia og Mia.
Det engelske namnet May kan stamma frå månaden mai (eng. May), eit namn på hagtorn og som ei kjæleform av Mabel, Mary og Margaret. May kan også vera eit engelsk slektsnamn.
Mai er eit vietnamesisk kvinnenamn og slektsnamn som betyr ‘gyllen blom’, og viser til blomane på treet Ochna integerrima som blir brukt som lukkesymbol under vietnamesisk nyårsfeiring.
Det kan brukast av hmongfolk om den einaste eller yngste dottera i ein familie. Det er også eit japansk kvinnenamn som tyder 'dans'.
Mài er eit kinesisk slektsnamn (麥 med tradisjonell kinesisk skrift).
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Maj Sønstevold (1917-1996), norsk komponist og pedagog
- Margit «Mai» Lindegård (1919-1968), norsk forfattar og skodespelar
- Mai Zetterling (1925-1994), svensk skodespelar og filmregissør
- Maj Britt Andersen (f. 1956), norsk artist
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Mai» i Store norske leksikon, snl.no.
- behindthename.com
- Delar av denne artikkelen bygger på «May» frå Wikipedia på bokmål, den 6. mai 2009.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Mai» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mai 2009.