Namnet Rygg
Utsjånad
Rygg er eit stadnamn som finst ei rekkje stader i Noreg. Rygg-namnet er knytt til ein gard som frå gamalt er lagt under eller nærved ein naturleg ås- eller bergrygg. Namnet finst også som slektsnamn, og er stundom fordanska til Rygh eller Ryg. Rygge i Austfold høyrer òg inn under dette namnet.
Gardar med dette namnet er gjerne svært gamle, og var gjerne rydda i jernalderen. Rygg i Kvisle i Hol er til dømes rekna som ein av dei eldste og største gardane i Hallingdal.[treng kjelde]
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Eli Rygg, programleiar og barnebokforfattar
- Filip Rygg, politikar
- Jonas Rygg, fotballspelar
- Kristoffer Rygg, musikar og komponist
- Leif Rygg, hardingfelespelar
- Magnar Rygg, forfattar
- Nicolai Rygg, sjefsdirektør i Norges Bank
- Pernille Rygg, forfattar
- Marte Rygg Årdal, friidrettsutøvar