Neologisme
Neologisme[1] (av gresk νέος, (neos), «ny» og λόγος (logos), «ord», «tale») eller nyord er eit nytt ord i språket. Slike ord blir typisk danna av språkbrukarar for å dekka behov for ord som ikkje finst frå før i språket deira.[2] Ved nokre høve kan fagmiljø gå aktivt inn for å finna passande ny terminologi for sitt språk.[2] Nokre neologismar seier noko om tekniske framsteg, som til dømes ord for nye produkt og oppfinningar, medan andre seier noko om samfunnsendringar, som til dømes ord for nye produkt, idear eller handlingar. Mange av desse orda blir berre brukte ei kort tid, men nokre av dei blir del av etablert språkbruk og blir etter kvart tekne inn i ordbøkene.[2]
Nyord kan vera lånte inn direkte frå andre språk, som framandord, eller dannast frå andre ord i opphavsspråket. På norsk er det vanleg å danna nye ord gjennom samansetjingar, typisk av to substantiv. Nokre ord er lånte frå eit anna språk, men omsette ledd for ledd.[2]
Døme på nyord
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjå Liste over norske nyord.
- 1970-talet: meme (på engelsk)[3]
- 1980-talet: kartongvin[4]
- 1990-talet: blog(g),[5][6] høgdehus,[7]
- 2000-talet: podcast/podkasting[8][9] blogg, nettpirat[10]
- 2010-talet: oskefast,[11][12] naving,[13] sakte-tv,[13] framandkrigar[13] kvardagsintegrering[11]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Neologisme», Store norske leksikon
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 «Allvêrsjakke, antiskrens og aioli», Språkrådet (på norsk bokmål), henta 8. februar 2023
- ↑ «meme, n.». OED Online. Oxford University Press. September 2019. Henta 12. november 2019.
- ↑ «kartongvin - Det Norske Akademis ordbok», www.naob.no (på norsk), henta 12. november 2019
- ↑ «blog, n.». OED Online. Oxford University Press. September 2019. Henta 12. november 2019.
- ↑ «blogg - Det Norske Akademis ordbok», www.naob.no (på norsk), henta 12. november 2019
- ↑ «høydehus - Det Norske Akademis ordbok», www.naob.no (på norsk), henta 12. november 2019
- ↑ «podcast, v.». OED Online. Oxford University Press. September 2019. Henta 12. november 2019.
- ↑ «podkast - Det Norske Akademis ordbok», www.naob.no (på norsk), henta 12. november 2019
- ↑ «Vår eneste mulighet…», NRKbeta, henta 6. august 2019
- ↑ 11,0 11,1 Hanna Skotheim (3. oktober 2017), «Ord som kommer, ord som går», Dagsavisen
- ↑ Andre Rygg Nøttveit (12. desember 2016 14.54), «'Kvardagsintegrering' er årets nyord», Framtida
- ↑ 13,0 13,1 13,2 «Expertexit», Klassekampen, 13. juli 2016, henta 6. august 2019, «Å nava kom i 2012, sakte-tv i 2013, framandkrigar i 2014, det grøne skiftet i 2015»