Hopp til innhald

Nick Laird-Clowes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nick Laird-Clowes
Fødd5. februar 1957 (67 år)
FødestadLondon i England
FødenamnNicholas William Laird-Clowes
OpphavStorbritannia
InstrumentVokal, gitar, munnspel
Tilknytte artistarThe Dream Academy
Verka somlåtskrivar, programleiar, komponist, songar, musikar

Nick Laird-Clowes (fødd 5. februar 1957) er ein engelsk musikar og komponist, mest kjend som songar og ein av låtskrivarane i musikkgruppa The Dream Academy. Han var medlåtskrivar på songanr som «Life in a Northern Town», «The Love Parade», «The Edge of Forever», «This World», «Indian Summer», «Power to Believe» og «12/8 Angel».

Han samarbeidde òg med andre artistar, som T. Rex, David Gilmour og Pink Floyd, og bidrog mellom anna med tekst til to songar på Pink Floyd-albumet The Division Bell.[1]