Nordre Follo kommune
Nordre Follo kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Akershus | ||
Adm.senter | Ski | ||
Areal | 203,00 km² | ||
• land | 196,45 km² | ||
• vatn | 6,55 km² | ||
Folketal | 63 560 (1. januar 2024) | ||
Målform | Bokmål | ||
Ordførar | Cecilie Pind (H) | ||
Kommunenr. | 3207 | ||
Nordre Follo 59°45′00″N 10°52′00″E / 59.75°N 10.866666666667°E | |||
Kart som viser Nordre Follo kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Nordre Follo | |||
Nettstad: https://www.nordrefollo.kommune.no |
Nordre Follo er ein kommune i Akershus fylke. Kommunen grensar til Oslo i nord, Bunnefjorden og Ås i vest, Indre Østfold i søraust og Enebakk i aust.[1] Han er ein av dei folkerikaste i Noreg med innbyggjarar.[2]
Kommunen vart danna den 1. januar 2020 gjennom samanslåing av Ski og Oppegård kommunar i tidlegare Akershus fylke.[3] I samband med samanslåinga vart ein del av Ås kommune (Tandbergløkka) flytta til Nordre Follo.[4]
Kommunevåpenet er eit sølvfarga havreaks på blå bakgrunn. Havreakset står for den rike jordbrukstradisjonen i området. Blåfargen står for himmel og vatn, som fjorden, sjøar og vassvegar.[5]
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Terrenget i Nordre Follo er småkupert og stort sett skogkledd med lausmassar i forsenkingane. Berggrunnen består av gneis som er del av det søraustnorske grunnfjellsområdet. Skimorenen er eit aust-vestgåande ra som dannar vasskiljet mellom vassdraga nordover til Gjersjøen/Bunnefjorden og Mossevassdraget (nedbørfeltet til Kråkstadelva).[1]
Norddelen av kommunen, Oppegård, blir nesten delt i to av den nord–sørgåande Gjersjøen. I nordaust finst åsar på opptil 216 meter over havet og i vest når Svartskogplatået opp til 163 meter over havet. Sør og vest i kommunen er landskapet flatare og lågare, men den høgaste toppen i kommunen, Tømmerås på 313,1 moh.,[6] ligg likevel i sør.[1]
Sør- og vestdelen av kommunen er dekka av store marine lausavsetningar, og dannar store jordbruksområde. Korndyrking er den viktigaste driftsforma.[1]
Folkesetnad
[endre | endre wikiteksten]Nordre Follo er ein del av Stor-Oslo i Osloregionen. Folkesetnaden er konsentrert rundt bybandet langs jernbanen sørover frå Oslo. Østfoldbanen går aust for Gjersjøen gjennom Kolbotn, Langhus og så til administrasjonssenteret Ski.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Askheim, Svein (20. august 2020). «Nordre Follo». Store norske leksikon (på norsk bokmål).. Fri artikkel.
- ↑ «Nordre Follo Kommune», www.nordrefollo.kommune.no, arkivert frå originalen 2. januar 2020, henta 2. januar 2020
- ↑ Lovdata. (12.12.2017). Forskrift om sammenslåing av Oppegård kommune og Ski kommune til Nordre Follo kommune, Akershus
- ↑ Ellen Margrete Ceeberg (30. mai 2018), «Tandbergløkka til Nordre Follo - Ås kommune», www.as.kommune.no (på norsk), henta 15. september 2020[daud lenkje]
- ↑ «Kommunevåpen», Nordre Follo Kommune (på norsk), henta 14. september 2020[daud lenkje]
- ↑ «Høyeste fjelltopp i hver kommune». Kartverket. 11. februar 2020. Henta 17. februar 2020.