Hopp til innhald

Ole Kristoffer Gjøtterud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Kristoffer Gjøtterud
Fødd 26. juni 1931
Død

30. desember 2001 (70 år)

Yrke fysikar

Ole Kristoffer Gjøtterud (19312001) var ein norsk fysikar. Han arbeidde hovudsakleg med kjernefysikk og grunnlagsproblem i kvantefysikken, og skreiv mange artiklar, essay og populærvitskaplege artiklar om fysikk, erkjenningsproblem og spurnader om jødisk og kristen tru og vitskap. Han var særleg oppteken av antisemittisme, rasisme og menneskerettar, særleg situasjonen til jødane i Sovjetunionen og Russland og albanarane sin situasjon i Kosovo, og var medlem av mange menneskerettsgrupper og komitear i Noreg, Russland og Kosovo.

Han arbeidde som førsteamanuensis ved Fysisk institutt ved Universitetet i Oslo og frå 1959 til 1962 som NORDITA-stipendiat i København.