Hopp til innhald

Oman al-Wusta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Umān al-Wusṭā
Oman imamat
Imamat

 

 

751–1970

Våpenet til Oman

Våpen

Nasjonalsong
ingen offisielle, As-Salam as-Sultani (1970) uoffisielt
Hovudstad Nizwa
Språk arabisk
Styreform Imamat
Lovgjevande forsamling Shura-rådet
Historisk periode Ny-imperialismen
 - Imamatet oppretta 751
 - Palasskupp 23. juli 1970
 - Formell abdisering 28. november 1918
I dag ein del av  Oman

Imamatet Oman eller Oman al-Wusta (arabisk عُمان الوسطى, ʿUmān al-Wusṭā, tyder «Eigentlege Oman») syner til eit historisk område i dagens Oman. Det låg inn i landet frå Muscat, på andre sida av Jebel Akhdar (Dei grøne fjella) og var sentrert rundt byen Nizwa i området som i dag høyrer til regionen Ad Dakhiliyah. I lag med Muscat og Dhofar, var området ein del av sultanatet Muscat og Oman, men med statskuppet i 1970 vart omgrepet Oman nytta om heile landet.

Oman al-Wusta vart styrt av ibadi-imamar som hadde andeleg og ofte også verdsleg makt over regionen. Imamatet er eit tusen år gammalt system som vart starta av dei religiøse ibadi-leiarane i Oman, og er basert på islamsk sjaria. Det styrte delar av eller heile Oman og andre land til forskjellige tider over ein periode på over tusen år. Det var ofte spaningar mellom desse imamane og sultanane i Muscat, og i 1913 førte valet av Salim ibn Rashid al-Kharusi til imam til Seeb-avtalen mellom imamatet Oman, med hovudstad i Nizwa, og sultanatet Oman med hovudstad i Muscat. I 1954 forsvarte ein ny imam, Ghalib bin Ali, imamatet frå eit åtak frå Muscat, etter at det vart funne olje på området hans. Sultanen Said Bin Taimur av Muscat klarte med hjelp av britiske kolonistyrkar å vinne kampen til slutt. I 1957 vart Nizwa teken og imamen send i eksil til Saudi-Arabia, der han heldt fram å styre imamatet og føre krig med ei mellombels regjering i Dammam i Saudi-Arabia. I 1959 vart dei siste styrkane til imamatet slegne og namnet på heile Muscat og Oman vart endra til sultanatet Oman i 1970.

I dag vert «Eigentlege Oman» òg nytta om sultanatet utanom eksklavane Musandam og Madha.