Orkester
Orkester er ei større gruppe av instrumentalmusikarar som speler saman. Det skil seg dermed frå frå kor med songarar, og frå mindre instrumental-ensemble og band med færre medlemmer. Storleiken på eit orkester er likevel ikkje fastlagt. Medan symfoniorkester kan ha over hundre medlemmer, finst det grupper kalla «orkester» med så få som fire medlemmer, særleg innan jazz- og dansebandtradisjonane.
Eit orkester kan spela instrumentalmusikk som symfoniar eller akkompagnera solistar. Musikarane kan spela etter noter eller improvisera. Dei blir ofte leia av ein dirigent eller kapellmester, men kan også spela utan leiar.
Ordsoge
[endre | endre wikiteksten]I antikkens Hellas var orkhestra området der koret song og dansa, mellom proskenion, scenen, og theatron, der tilskodarane sat. Det moderne orkesteret har fått namnet sitt etter dette, og orkestergrava i framsyningssalar kan framleis minna om dette området.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Orkester» frå Wikipedia på bokmål, og «Orkester» frå Wikipedia på svensk den 8. januar 2008.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]