Påskekylling
Påskekylling er ein kylling brukt som symbol og pynt i samband med påsken. Som påskeegg er kyllingar eit symbol på grøderikdom og nytt liv, både innan heidensk og kristen tradisjon.[1] Kyllingar er også eit vårteikn ettersom både egg- og kyllingproduksjon tidlegare gjerne stoppa opp om vinteren.[2]
Dekorasjon
[endre | endre wikiteksten]Kyllingar, høns og hanar har vore vanlege motiv på påskekort på heile 1900-talet. Ein kan avbilda naturlege eller meir menneskeleggjorte kyllingar.
-
Påskekort frå USA frå rundt 1910.
-
Russisk postkort frå tidleg på 1900-talet viser kyllingar som køyrer bil.
-
Gresk påskekort frå 1918.
-
Dansande kyllingar på eit svensk kort av Hedvig Rosendahl.
-
Hane og kyllingar på eit norsk påskekort frå 1928.
Mange bruker også kyllingar som påskepynt. Dei kan til dømes vera laga av garn,[3] stoff,[4] fiber,[5] piperensarar[6] eller ståltråd med gult syntetisk fiber som dun.[7]
Levande kyllingar
[endre | endre wikiteksten]Ein kan også markera påsken med levande kyllingar. Nokre klekker ut kyllingar til påsken, til dømes som eit barnehageprosjekt eller til ein besøksgard.[8] Mange slike gardar og ein del utandørsmuseum feirar påske med mellom anna levande kyllingar.[9]
Andre gjev kyllingar som gåve til born. Nokre stader farger ein tilmed kyllingane slik at dei skal bli like fargerike som påskeegga. Skikken med å behandla levande dyr som leiker eller dekorasjon er blitt kraftig kritisert, og ein blir sterk frårådd å kjøpa kyllingar om ein ikkje har ein plan for dei seinare.[10]
Mat
[endre | endre wikiteksten]Som med andre motiv er det vanleg å ha kyllingforma mat og godteri til påske. Mange stader kan ein laga ulike kaker forma som kyllingar.[11] I tillegg til sjokoladeegg blir det også laga mange kyllingar og kaninar av sjokolade til påske. I USA og Canada er Peeps, fargerike marshmallowgodteri, utbreidde til å ha i påskekorger.
Ein kan også ha kylling som påskerett i staden for til dømes lam.[12]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ James Cooper, Eggs and Chicks, whyeaster.com, henta 24. mars 2017
- ↑ Påskens historie, dk-kogebogen.dk, henta 24. mars 2017
- ↑ Klip selv: Påskekyllinger og påskeharer med pomponer, hjemmet.dk; Påskekyllinger på blomsterpind, haekleopskrifter.dk
- ↑ Påskesyssel - hjemmelaget påskepynt
- ↑ Påskeegg og påskekylling, unghusflid.no
- ↑ Påskepynt (SA.05075)
- ↑ Påskekylling (AAM.28870); Påskekylling (NF.2013-0361), Figur, påskekylling (NF.1986-1055)
- ↑ Lars IngeSkrede (07.04 2012), «Kjærkomne kyllingar og påskeglede», Sunnmørsposten, arkivert frå originalen 28. mars 2020, henta 24. mars 2017
- ↑ Martin Longhi (21. april 2011), «Så kan du godt finde påskehumøret frem», Århus Stiftstidende; Lisbet Holst (28. mars 2015), «Påske med en kylling i hånden», Bornholms Tidende; Easter holiday 2015 what's on guide for Kent: Egg hunts and family days out, 23 March 2015
- ↑ Melissa Mayntz (03/14/17), «Why You Shouldn't Give Baby Chicks and Ducklings as Easter Gifts», the spruce
- ↑ Påskekylling, mytasteno
- ↑ Påskekylling, familiejournal.dk; PÅSKE Frokost 13/4 Arkivert 2017-04-22 ved Wayback Machine.