Paweł Januszewski
Utsjånad
Paweł Januszewski | |
Statsborgarskap | Polen |
Fødd | 2. januar 1972 (52 år) Pyrzyce |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996 |
Paweł Januszewski (fødd 2. januar 1972) er ein polsk tidlegare hekkeløpar frå Pyrzyce som vart europameister i 400 meter hekk i 1998.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Januszewski gjorde sitt livs løp i finalen ved europameisterskapen 1998 i Budapest der han sette polsk rekord på langhekken med tida 48,17 sekundar og kneip gullmedaljen, hardt pressa av russaren Ruslan Masjtsjenko. Året etter sigra Januszewski i øvinga ved universiaden i spanske Palma de Mallorca og han vart femtemann i VM-finalen i Sevilla. Etter sjetteplassar i OL 2000 og VM 2001, avslutta Januszewski med å ta bronsemedaljen på spesialdistansen under europameisterskapen 2002 i München.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- EM 1994 i Helsinki: Utslått i semifinalane (49,95=nr 12)
- VM 1995 i Göteborg: Utslått i forsøket (49,43=nr 18)
- OL 1996 i Atlanta: Utslått i forsøket (49,63=nr 24)
- VM 1997 i Aten: Utslått i semifinalane (48,94=nr 13)
- EM 1998 i Budapest: Gullmedalje – 48,17, framom Ruslan Masjtsjenko (48,25)
- VM 1999 i Sevilla: Nr 5 – 48,19
- OL 2000 i Sydney: Nr 6 – 48,44
- VM 2001 i Edmonton: Nr 6 – 48,57
- EM 2002 i München: Bronsemedalje – 48,46
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Paweł Januszewski» frå Wikipedia på tysk, den 29. august 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Paweł Januszewski» frå Wikipedia på engelsk, den 29. august 2019.