Hopp til innhald

Pleven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pleven
Плевен
Kommune
Hovudgata i Pleven
Våpenskjold
Land  Bulgaria
Provins Pleven
Koordinatar 43°24′28″N 24°37′13″E / 43.40778°N 24.62028°E / 43.40778; 24.62028
Høgd 116 m
Areal 803,696 km² [1]
Folketal 113 131  (2021)[2]
Folketettleik 140,76 / km²
Tidssone EET (UTC+2)
Postnummer 5800
Retningsnummer 064
Bilnummer EH
Kart
Pleven
43°25′00″N 24°37′00″E / 43.416666666667°N 24.616666666667°E / 43.416666666667; 24.616666666667
Pleven kommune i provinsen Pleven
Pleven kommune i provinsen Pleven
Pleven kommune i provinsen Pleven
Wikimedia Commons: Pleven Municipality
Nettstad: pleven.bg

Pleven (bulgarsk Плевен) er ein by og ein kommune i provinsen Pleven i Bulgaria, og hovudstad i provinsen. Kommunen omfattar byane Pleven og Slavjanovo, i tillegg til 23 andre busetnader. Han ligg nord i landet, og er den sjuande største byen i Bulgaria.

Kommunen har eit areal på 804 km2.[1] Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 113 131 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 92 101 innbyggjarar.[2]

Til storbyområdet for Pleven høyrer heile kommunen Pleven i tillegg til kommunane Dolna Mitropolija og Dolni Dăbnik.[3] Heile storbyområdet har eit samla innbyggjartal på 139 903.[2]

Internasjonalt er byen kjend for Omleiringa av Pleven i 1877, og er i dag eit stort økonomisk senter nordvest i Bulgaria. Han ligg 170 km frå hovudstaden Sofia og 320 km frå kysten av Svartehavet.

Kart over slaget 11. og 12. september 1877

Namnet Pleven dukkar opp i eit historisk dokument for første gong i 1266, då det låg ei festning her. Arkeologiske utgravingar har vist at det har budd menneske i området i langt lengre tid. Under det første hundreåret etter Kristus tok romararne over staden og kalle byen Storgosia. Av slavarane fekk byen seinare namnet Kamenec. Namnet Pleven kjem frå 1200-talet. Under osmanarane var Pleven ein sterk festning og garnisonsby, som utvikla seg til eit viktig forvaltings-, handels- og handverkssentrum.

Byen var ein viktig krigsskueplass under den russisk-tyrkiske krigen 1877-1878, då den russiske tsaren Alexander II heldt byen for å kunne frigje Bulgaria. Den russiske og rumenske hæren betalte dyrt for sigeren, men opna vegen for at Det osmanske riket tapte krigen og at Bulgaria kunne verte sjølvstendig.

Busetnader

[endre | endre wikiteksten]

Dei største busetnadene i kommunen er:

Busetnad Bulgarsk namn Folketal (2011)[4] Folketal (2021)[2]
Pleven Плевен  106 954  92 101
Bukovlăk Буковлък  3 620  3 053
Slavjanovo Славяново  3 868  2 870
Jasen Ясен  2 442  2 015
Opanets Опанец  1 759  1 579
Grivitsa Гривица  1 699  1 518
Brestovets Брестовец  1 012  934
Koilovtsi Коиловци  1 014  851

Kjende personar frå Pleven

[endre | endre wikiteksten]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 Regions, districts and municipalities in the Republic of Bulgaria 2018 Arkivert 2021-08-01 ved Wayback Machine. («Regionar, distrikt og kommunar i Republikken Bulgaria 2018»), Tabell 1: Territorial balance of the Republic of Bulgaria by kind of territory, statistical zone, statistical region and by district and municipality as of 31.12.2011 («Territoriell balanse for Republikken Bulgaria etter type territorium, statistisk sone og etter distrikt og kommune per 31.12.2011»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Население по статистически райони, области, общини, населени места, пол и възраст («Befolkning i statistiske regionar, regionar, kommunar og busetnader etter kjønn og alder»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)
  3. Urban Audit – Settlements and Municipalities («Storbyområde – Busetnader og kommunar), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»
  4. Население към 01.02.2011 г. по области, общини, населени места и възраст («Befolkning 01.02.2011 i regionar, kommunar og busetnader etter alder»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Pleven