Hopp til innhald

Ramon Wilson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ray Wilson
Personleg informasjon
Fullt namn Ramon Wilson
Fødd 17. desember 1934
Fødestad Shirebrook i England
Død 15. mai 2018 (83 år)
Dødsstad Huddersfield i England
Posisjon Venstreback
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1952–1964 Huddersfield Town 266 (6)
1964–1969 Everton 116 (0)
1969–1970 Oldham 25 (0)
1970–1971 Bradford 2 (0)
Totalt 409 (6)
Landslag
1960–1968 England 63 
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Ramon Wilson (17. desember 193415. mai 2018), kjend som Ray Wilson, var ein engelsk fotballspelar fødd i Shirebrook i Derbyshire. Han var venstreback på England sitt landslag som vann VM i fotball 1966 på heimebane. Wilson spelte 63 landskampar for England i tida 1960-68.

Wilson debuterte på Hudersfield Town i 1955. I 1964 vart han overført til Everton FC, der han 14. mai 1966 var med då klubben slo Sheffield Wednesday 3-2 i finalen i FA-cupenWembley stadion i London. Vel to månader seinare opplevde han på same arenaen høgdepunktet i karrieren då England sigra med 4-2 over Vest-Tyskland i VM-finalen 1966. Sommaren 1969 fekk Wilson kontrakt med Oldham Athletic. Han spelte sin siste ligakamp 7. november 1970 for Bradford City i 3. divisjon.